Musikk
Comments 3

Noko av det vakraste VIII

Då eg slutta i min første «ordentlege» jobb, fekk eg ein CD med dette verket i gåve. Det er Officium Defunctorum for seksstemt kor av den spanske komponisten Tomás Luis de Victoria (1548-1611).

Denne innspelinga er med Gabrieli Consort, og dei syng Agnus Dei-satsen. Ikkje la deg forvirre av notesatsen, dette blir sunge av berre herrestemmer, så difor syng dei det ein stor ters lågare enn det står notert. 

Victoria var sannsynlegvis elev av Palestrina, og det kan vel ikkje overraske nokon, etter å ha høyrt dette. Stykket vart skrive til gravferda til dronning Maria av Spania, som døde i 1603.

This entry was posted in: Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Jada. Spill sånt for meg, så blir hjertet mitt dobbelt så stort, og jeg gråter. Meen, det er «a good cry», mind you 😀

  2. Vakkert, takk for den ;))) Elsker slikt, tror jeg må ha vært nonne i et tidligere liv og vært med sunget og messet …

    Og du for et koselig muffins innlegg under her da! Også jeg hamstrer kakepynt i utlandet faktisk, i London var det masse velge i men bladgull! den var ny og må prøves;0)
    Skal på jentetur til våren, og prøver lure de andre med til Køben men de vil helst til Åre av alle steder og stå på ski…! De frister med SPA til meg da…Hm, må prøve friste med bladgull på kaka istedenfor ;0)

    God helg

  3. Eg ville nok valgt Køben, kunne eg velge ja… 😀 Eg skal ned dit 25.-29. mai, kombinerer ei jobbreise med ein helgetur. Heidi som eg har nokre oppskrifter frå blir også med. Deilig!

Leave a Reply