For meg kjem kjensla av helg når eg kjem heim, lesser av meg varer, ryggsekk og ytterklede, og set friske blomar i ein vase.
Freden senkar seg, og vonaleg vert det ei koseleg helg, med besøk av vener, familie, mat, vin og lystig prat rundt bordet. I kveld er eg ekstra heldig, eg skal avgarde med to venninner og få massasje før vi dreg heim til den eine for å kose oss med “all of the above”. Ha ei fredeleg helg, alle de som stikk innom!