Allergi, Mat, Middag, Noko søtt, Tilbehør
Comments 2

Stor fest!

Tre rettar til mange – det går fint med litt planlegging.

Vi har hatt bursdag i heimen, tolvåringen har blitt tenåring. Når ein har bursdag er eit av privilegia å få fastsette menyen, og tenåringen ynskte seg tre rettar, kjøt med saus og brownie til dessert. Då får mor berre innrette seg, og legge gamle vanar med store suppegryter og bufféar til side.

Forretten gjer eg veldig lettvint. Det gjeld å spare på kreftene når ein skal servere til mange, og samstundes kose seg sjølv. Eg har kjøpt boksar med andepaté, og den piska eg luftig med litt fløte. Så serverte eg den på rista loffskiver med ein god marmelade på.

img_4812Har du rognebærgelé eller tomatmarmelade i kjøleskapet, er dette tidspunktet for å ta den fram. Patéen kan også serverast med fikenmarmelade, tyttebærsyltetøy eller granskuddgelé, som er mitt siste tilskot til matlageret, ei julegåve frå svigermor. Min paté fekk kvedemarmelade på seg, eg trur den er frå Specialkøbmanden i København. Slikt tek nemleg eg med meg heim frå reiser. Så lenge du ikkje tek den i handbagasjen går det heilt fint.

Eg er glad i store gryter når eg skal lage mat til mange. Stroganoff er ein klassikar som tradisjonelt er ei russisk kjøtgryte med oksekjøt, sopp, løk og ein tomatisert saus som får litt rømme til slutt. Men aldri ein festmiddag heime hos oss utan litt eksperimentering.

Mi beste venninne er mjølkeallergikar, så denne trerettersmiddagen er mjølkefri. Det medførte at eg droppa rømmen i gryta, men sakna den syrlege smaken som rømmen gjer. Eg løfta blikket, og fekk sjå fruktfatet fullt av appelsinar. Det burde vel kunne gje god smak?  Vegen frå idé til handling er sjeldan lang hos meg, så difor får du i dag oppskrift på appelsinstroganoff.

I staden for smør eller vanleg margarin brukar eg flytande margarin frå Euroshopper, den er heilt mjølkefri, og har ein OK smak. Eg brukar den i brownien og, då blir den og mjølkefri og spisande for allergiske.

Ho får ikkje fløtegratinerte poteter, eg tek av to poteter som eg skjer tynt og legg i ei porsjonsform, saltar og peprar og slår over ein deilig olivenolje. Eg var i ein spesialbutikk og fann olivenolje smaksett med steinsopp, det smakte nydeleg ifølge allergikaren.

Til å lage denne porsjonen, som i vår middag metta tolv svoltne, treng du ei gryte med tjukk botn som tek minst seks liter. Eg brukar ei stålgryte, syra i appelsinjuicen vil kunne gjere at det vert bismak på stroganoffen viss du brukar jerngryte. Det same gjeld rettar med vin i, dei bør heller ikkje koke lenge i jerngryter.

img_48191Appelsinstroganoff

2 kg mørbrad

2 dl mjøl

2 ss salt

3 ts kverna peppar

1 ss timian

Olje eller flytande margarin

8 fedd kvitløk

Fire løk

seks gulerøtter

Ein stor knollselleri

Ein purre

½ liter appelsinjuice

1 liter vatn

Litt sukkerkulør

3 laurbærblad

Appelsinskal av ein appelsin

sukker

Skjer kjøtet i terningar på ca. 2×2 cm. Ha mjølet i ein stor bolle, og bland i salt, peppar og timian. Vend kjøtterningane i mjølet, og steik dei raskt på høg varme i olje eller margarin i ei vid steikepanne. Ha dei over i den store gryta etterkvart som dei er ferdige.

Når alt kjøtet er steikt, kan du vende resten av mjølet inn i det. Dette er med på å jamne gryta. Set gryta på litt over middels varme, og slå på juice og vatn. Rør medan det kokar opp, og la dette småboble på middels låg varme medan du skrellar grønsakene. Skjer dei i passe bitar, og ha dei i gryta etter kvart.

La gryta koke i 30-40 minutt etter at grønsakene er lagt i. Smak til med sukker, salt og peppar. Vask ein appelsin godt, og tørk den. Bruk eit zestjern eller eit rivjern, riv det oransje av appelsinen og ha appelsinskalet i gryta. Syns du sausen er for tynn, så kan du jamne den med litt maisenamjøl utrørt i vatn. Server med fløtegratinerte poteter, kokte poteter eller ris.

Fløtegratinerte poteter

2 kg poteter

4 fedd kvitløk

8 dl fløte

2 dl mjølk

5-6 ts salt

Grovmalt peppar

200 gram riven ost

Sett omnen på 200 grader. Skrell potetene, og skjer dei i tynne skiver. Press kvitløksfedda ned i botnen på ei lita langpanne. Mi er 40×27 cm. Legg potetskivene som takstein i forma, og strø godt med salt over, meir enn du trur. Kvern over svart peppar. Set forma i omnen, og la den steike i 30 minutt. Husk på at fløten kokar undervegs, så det er fare for at forma kan renne over. Ei langpanne under med bakepapir i kan ta unna det verste. Ta forma ut etter 30 minutt, og strø over riven ost. Set den innatt, og la den stå i vel ein halvtime til. Dette er også ein porsjon til tolv vaksne.

Brownies-oppskrifta er den enkle du veit, som du har fått fleire gongar, mistenker eg. Har du ikkje teke vare på den, seier du? OK, då får du få den ein gong til. Denne porsjonen fyller ei stor langpanne. Slik gjer du det:

brownieRask brownie

6 egg

9 dl sukker

300 g flytande margarin

3 ts ekte vaniljesukker

4,5 dl mjøl

10 ss kakao

Sett steikeomnen på 175 grader. Ha alt i ein bolle og rør det i hop. Når eg skal ha flytande margarin frå flaske i kakedeigar og målet står oppgitt i gram, set eg bakebollen på vekta, nullstiller den og heller margarinen i. Oppvask spart! Ha bakepapir i ei langpanne, også opp over kantane. Ha i røra, og steik kaka i 25 minutt. Server med is, med piska krem eller eit melisdryss.

Hakk gjerne sjokolade og dryss over kaka før du steiker den, eg lagde den med 200 g hakka Walters mandler på, og det var ei euforisk oppleving. Då sluttar den imidlertid å vere allergivennleg. Lykke til med middagen!

2 Comments

  1. Jeg kan ikke dy meg for å komme med noen kommentarer til dette også.

    Forberedelse er selvsagt avgjørende når man skal servere til mange. “Mis en place” heter det på kokkespråket: Alt er skrelt, kuttet, delt og målt opp på forhånd. Proffenes knep er at veldig mye er slik at det kan gjøres nesten ferdig en stund i forveien, så får det noen minutter i stekovnen før det skal serveres. Dermed kan man sette hovedretten i ovnen mens man spiser forretten.

    En veldig enkel, men god forrett som jeg av og til tyr til er en laksemousse laget av halvparten røkelaks og halvparten fersk laks. 7 sekunder i foodprosessoren sammen med litt creme fraiche og et par dråper tabasco, og den er ferdig. Server den på tynne toastskiver eller egnet kjeks, og pynt med litt dill. Det er alt. Og den kan gjerne lages ferdig på forhånd. Det som blir til overs smaker godt til frokosten dagen etter. En annen variant er å blande fløte og sitron som man har over fersk laks (i tynne skiver), og lar det hele stå ca 30 minutter. Da får man en form for ceviche, men med fløten i tillegg til sitronen. Litt lakserogn og kanskje litt dill setter prikken over i’en.

    Når jeg lager fløtebakte poteter pleier jeg først å koke opp fløten med hvitløk og annet krydder. Da tar fløten veldig mye av denne smaken. Så koker jeg potetene en stund i fløten før jeg tar det over i en ildfast form (det er slik Eivind Hellstrøm gjør det, så da er det godt nok for meg også). Jeg setter gjerne ovnen på omluftsgrilling (varmluft – grill) når jeg lager retter som skal være gratinerte.

    Skulle du tilfeldigvis ha noen frosne bringebær for hånden når du lager brownies, så bland dem inn. Så vidt jeg husker var det en fiks idé som vår kurslærer på Valrhona fikk mens vi boltret oss i sjokolade, siden hun likevel hadde bringebær for hånden. Og hun visste nok hva som ville fungere sammen med sjokolade – resultatet ble utmerket.

  2. Pingback: Kaketips for 17. maifest « Alt godt

Leave a Reply