Billig mat, Heidi, Mat, Middag, Sausar og dippar
Comments 5

Deilig laks

Mi venninne Heidi har masse gode oppskrifter, og her kjem endå nokre av hennar. Fiskesausen nedanfor med eplejuice og crème fraiche bør du verkeleg prøve, den er fantastisk!

Alt godt

Her kjem to gode lakseoppskrifter som eg likar å lage.  Utgangspunktet for begge rettane er ein beinfri laksefilet. Å filetere laksen sjølv gjev deg nærkontakt med eit heilt dyr, du får studere anatomien og sjå kor vakker han er. Syns du denne baskinga med heile dyr er noko griseri, kjøper du laksen ferdig filetert.

Filetering: Skyll fisken godt, og tørk han med kjøkkenpapir. Pass på at du får bort alt blod langs beina, og fjern gjerne gjellane medan du likevel held på.  Bein og hovud er fine å koke kraft på, men gjellar og blod gjer krafta grå. Legg laksen med ryggen mot deg og skjer inni laksekjøtet rett bak gjellane og heilt inn til ryggbeinet. Her legg du kniven flat og skjer langs ryggbeinet mot halen, og så har du ein fin filet.

Fjerning av bein: Trekk ut dei store beina som går midt langs fileten. Bruk ein liten, skarp kniv og vri opp fiskebeinet med kniven slik at du får låst det fast mellom tommelen din og kniven. Får du tak i ein laksepinsett, går det mykje fortare, og med mindre svinn. Nokre brukar og ein potetskrellar for å vippe beina ut. Dra beina ut i vekstretninga, då knekk dei ikkje. Øving gjer meister. Dei store beina på buksida skjer du vekk ved å legge kniven flatt innunder beina og skjere ut mot fjøla. Du kan og ta bort den verste feittranda i same slengen.

Litt fiskekjøt vil gå vekk i denne prosessen. Når du fileterer kan det site att ein del kjøt på ryggbeinet og derfor er det lurt å koke kraft på avskjeret. Del det i to og frys det ned saman med hovudet. Neste veke kokar vi kraft til laksesuppe.

Skinnfri filet:  Legg fileten med halesida mot den handa du ikkje skjer med, og skinnsida mot bordet. Skjer ein  liten flik inni halekjøtet og hald i skinnet med eine handa og skjer mellom fileten og skinnet slik at skinnet losnar.

SPRØSTEIKTE LAKSEFILETAR

Legg kniven på skrå og skjer ut skiver frå laksefileten. Skivene skal vere ca 1 1/2 cm tjukke. Av ein heil laksefilet får du mange skiver, og kvar person klarer toppen å ete to slike sprøsteikte filetar. Frys ned det som vert til overs til eit seinare høve, for eksempel til ei god suppe.  

Vend lakseskivene i ei blanding av kveitemjøl, pepar, salt og litt grillmjøl om du har. Steik dei på ei godt varm steikepanne i vanleg margarin til dei får ei godt bruna skorpe. Du kan halde dei varme i steikeomnen på 60 grader til du skal ete.  Server dei med denne sausen:

CRÈME FRAICHE-SAUS

2 dl eplejuice

6 ss crème fraiche

1 terning fiskebuljong

1 ss maizenamjøl

Grovmalt peppar etter smak

Bland alt kaldt og kok opp under stadig omrøring. Smak til om det trengst meir salt. Sausen er så god at det går med myyykje saus.

MARINERT LAKS MED CRÈME FRAICHE OG FLØYTE

Bruk ein bein- og skinnfri laksefilet. Skjer 4 cm breie bitar av fileten, eller store terningar, til saman ca. 800 gram. I tillegg treng du:

1/2 raud paprika

1 løk

1/2 purre

1 gulrot

Babymais frå boks 

Marinade:

3 dl crème fraiche

1 dl fløyte

1 ts sitronpeppar

1 ts salt

2 ss sitronsaft

Ca. 1 dl kvitvin

Litt tørka grøne krydder frå krydderskapet, estragon, dill eller grasløk.

Rør saman marinaden, hell over fisken i ein pose, og la det stå ei stund å marinere.  Skjer opp grønsakene, og legg dei i ei eldfast form medd høge kantar, hell fisk og marinade over, og bak i omnen på 200 grader i ca. 30 minutt. Server med kokte poteter til. Grønsakene kan sjølvsagt variere i mengde og i innhald. Sukkererter er til dømes nydeleg i.  Du kan også variere fiskeslaga.  Gunda har laga denne retten med halvparten laks og halvparten sei, det vart kjempegodt. Prøv deg fram til du finn den smaken du likar best.

Om marinering

Formålet med ein marinade er først og fremst å tilføre råvara meir smak.  For kjøtt kan det og gjere råvara mørare, men det er ikkje naudsynt når ein arbeider med fisk. 

Hovudregelen når du marinerer, er at marinaden skal innehalde noko feitt, fortrinnsvis matolje, noko krydder og noko surt.  Noko søtt i, som til dømes litt honning eller sukker i marinaden kan og vere godt.  Du kan og bruke søt soya om du vil gjere det litt meir eksotisk, det gjev også fin farge. Pass på varmen når du brukar søte ting i marinaden. Fisken vert lettare brent då, så steik ved litt lågare varme enn du vanlegvis gjer. Du kan godt ha salt i ein fiskemarinade, i kjøtmarinadar meiner ekspertane at ein ikkje skal ha salt. 

Bland saman det du vil ha i marinaden, legg fisken i ein plastpose, og hell i marinaden.  På dette punktet vil du vere glad for at du blanda marinaden i noko høgt og smalt i staden for ein vid bolle.  Å  riste marinaden saman i eit tømt og vaska pastasausglas eller sylteagurkglas er perfekt.  Så syg du ut lufta av posen, knyter att og legg på ei skål, i tilfelle lekkasje. Fisk treng sjeldan marinere meir enn eitt par timar.

Her er døme på nokre gode fiskemarinadar.  Oppskriftene passar til ca. 800g fisk.

Vinmarinade til fisk

1/2 dl olje (same kva slag, berre ikkje veldig sterk smak, som sesamolje eller chiliolje)

1 dl kvitvin

ein halv finhakka løk

2 ss hakka, frisk dill (eller 2 ts tørka)

2 ss hakka grasløk

2 ts salt

Grovmalt peppar

Limemarinade

1/2 dl olje

safta og raspa skal av tre lime

1 ts  tørka estragon

2 fedd kvitløk

1 ts sukker

2 ts salt

Grovmalt peppar

Marinert fisk kan steikast, ovnsbakast eller grillast, og bruk gjerne det som er att av marinaden som basis for ein saus. Limemarinaden kan med hell speast med ein boks kokosmjølk.  Server med det du finn av gode grønsaker, og poteter eller ris.

5 Comments

  1. hildeG says

    Skal prøve den sausen neste gang det blir laks eller ørret her i heimen. Så jo spennende ut!

  2. Sausen skal prøves, ja!
    Hadde forresten laksefilet i går, stekt med skinnsida ned og med et realt dryss knust karve og timian-blanding. En sikker vinner hos oss!
    Grønne tagliatelle, mager hollandaise fra pose og dampa broccoli til.

  3. kjersti70 says

    Seriøst… dette var ein blog etter min smak. Indisk og laks og egg og ju neim it. Mandag er fiskedag hos oss, og då blir det definitivt laks (utan det der mjølet da, for oss), og saus med eplejuice! Ungane min et IKKJE fisk, men eg gir aldri opp!

  4. Pingback: saus til laks | oppskrifterogkosthold.com

  5. Pingback: saus til laksefilet | oppskrifterogkosthold.com

Leave a Reply