Fest
Leave a Comment

Halloween!

Det er helga for knask og knep, så alle som vil glede barna rundt seg må handle inn snop til å dele ut.

Har du tid og lyst kan du også kutte ut gresskarlykter, det syns iallfall eg er kjempeartig. Gresskarsuppe er også lettvint å lage, særleg når du har avskjer etter å ha skore ut ei fin lykt.

For min del blir det dugnad i dag, gården er full av konteinerar og søppel og skrot frå loft og kjellar skal avgarde. Eg er som vanleg pølsesjef, og serverer gode wienerpølser med tilbehør til store og små. Det er ein fin tradisjon, der alle føler at dei gjer sitt til at gården vert fin, og nye og gamle lindernbuarar får møtast og bli kjende med kvarandre.

Ha ein fin laurdag, du og!

This entry was posted in: Fest

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply