Fest, Middag
Comment 1

I den sorte gryte


Vinden stryk om nåvene, og det er godt å ha ein heimesøndag, utan andre plikter enn å lese avisene, drikke te av store koppar og lage ein god middag.

Vi er gode til å samle, og ikkje så gode til å ete opp. Eg har vore i frysaren, og fann kjøtdeig som burde bli eten. Det skulle ikkje mykje ekstra til for å lage ei god haustgryte til meg, familien og nokre kjære vennar.

Gryter kan få smak på mange måtar. Kjøtdeig er ikkje det som har alt for mykje eigensmak, så då gjeld det å supplere med andre, morsomme smakar som gjer at dei rundt bordet vert nøgde og mette.

Grønsakene i gryta er paprika, løk og sjampinjong. Eg likar små sjampinjongar, som eg heilsteiker. Finn du ikkje små kan du ta store og dele dei i bitar, men mi erfaring er at dei små vert liggande att, av ein eller annan grunn. Finn du ikkje sopp, så kan du bytte den ut med andre ting, både squash, gulrot og sellerirot går fint i denne gryta. Tilpass koketida etter kva grønsaker du brukar.

Eg har laga gryta på basis av kraft og creme fraiche, og så har eg smaksett med soltørka tomatar og litt roquefort. Begge delar fann eg attgløymd i kjøleskapet. Slik gjorde eg det:

Svart gryte til åtte

300 g små sjampinjongar

Ein stor eller to små løkar

Ein raud paprika

800 g kjøtdeig

3 dl kraft eller utspedd buljong

Eit beger creme fraiche

To ts mosa soltørka tomatar

1 ss blåmuggost

2 ss maisenna løyst opp i vatn eller mjølk

Salt og peppar

Olje/margarin til steiking

Steik soppane i olje eller margarin i ei gryte, og ha dei over i ei anna, større gryte. Rens og del opp løken, og steik den og før du har den over i den store gryta. Steik kjøtdeigen godt, og ha den over i den store gryta.

Slå på kraft og creme fraiche, og la det koke opp. Ha i mosa, soltørka tomatar, eg køyrer dei glatte med stavmiksar. Ha i blåmuggost, og la den smelte i gryta. La det heile koke i nærare ein halvtime.

Når det er fem minutt av koketida har du i strimla paprika. Rør maisennaen ut i nokre skeier vatn eller mjølk, og slå det i gryta. La det heile koke opp, og smak til med salt og peppar. Server med ris, poteter eller godt brød.

This entry was posted in: Fest, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Mmm, dette verkar lovande. Eg har ein boks kraft i frysen, kanskje det er i den svarte gryta ho skal få ende ein dag.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s