Du har blitt trendy, Gunda!
Mi gode bloggevenninne GundaM har blitt trendy! Ho var den første eg såg som verkeleg skapte kunst av drivved, og no kjem resten av interiørverda etter, iallfall ifølge VG. Velkommen etter, kan ein vel seie?
Mi gode bloggevenninne GundaM har blitt trendy! Ho var den første eg såg som verkeleg skapte kunst av drivved, og no kjem resten av interiørverda etter, iallfall ifølge VG. Velkommen etter, kan ein vel seie?
Av og til får Facebook si automatiske samankopling av ting som eigentleg ikkje heng saman underlege utslag. Sjekk ut denne:
Ja, akkurat no skulle eg faktisk ønske at det var mandag. Dokke veit, kjærleik får ein til å ønske seg andre ting enn ein trudde ein ønskte seg. Mandag er min kjæraste tilbake i Norge, og vi får tilbringe ein kveld saman. Så enkelt er det å bli lykkeleg. 🙂 Men det vert ei fin helg likevel. Kjære, den flotte mannen hennar og eg vender nasa mot sørlandet, og den fine lokalpuben Moringen i Kolbjørnsvik vert vår “hangaround-plass” denne helga. Hisøya, here we come! Eg ynskjer alle som er innom her i dag ei fin helg, ta vare på kvarandre, og fortel dei du er glad i at du er det.
Arne Nordheim tok meg under sine venger tidleg, og han var ein strålande god venn og eit interessant menneske å kjenne og å snakke med. BBC har laga ein kjempefin dokumentar om Arne. Det har dei gjort slik dokumentarar skal lagast, den varer i nitti minutt, er grundig og fengande, og presenterer han som kunstnar og kulturpersonlegdom. Programmet ligg ute til gratis lytting i eitt par dagar til, så stikk innom BBC sine nettsider og få den med deg. Den er vel verd å bruke tid på, spør du meg.
Glamourbibliotekaren har henta fram eit gamalt meme, det har sikkert vore her i bloggen og tidlegare. Men eg diggar slikt uansett, så gamle meme blir som nye. Heng med! Dagens leppestift/lipgloss: Estée Lauder Michael Kors: Very Hollywood Dagens duft (parfyme/lotion/shampoo/hva enn du dufter av): Serge Lutens: Un Bois de Sepia Dagens sko: Clarks støvelettar i lyst skinn, kjøpt i Edinburgh sommaren 2005 Dagens smykker: Ein armani-ring og den fine swatch-klokka mi Dagens bok (altså den du leser nå): Er “mellom bøker”, den siste eg las var Pinnsvinets eleganse. Siste avis du leste: Aftenposten i dag tidleg. (Vaksenpoeng tildelt meg av kjæresten min: Papiravis, fasttelefon og mange glas av same sort…) Siste cd du hørte på: Hilde Louise Asbjørnsen sin siste Siste film du så: Ein actionfilm med Tom Cruise ein søndagskveld Siste reise du var på (innenlands/utenlands): To og ei halv veke i Paris i august. I Norge: Klækken mandag til tirsdag denne veka. Siste nettsted du var innom før denne bloggen: Doffin… Siste te/kaffe du drakk: Ein pose Lipton Earl Grey og ein pose …
Engelke Revold er ein norsk, kvinneleg lyrikar. Myteomspunnen er ho og, det har vist seg vanskeleg å finne ut noko særleg om henne. Eg oppdaga henne inne hos Lena, som har bloggen Lesmye. Her er to av dikta hennar, eg syns dei er så fine. Eg kjenner meg att i henne, bortsett frå at eg berre har jobba i fengsel, ikkje site inne. Er det nokon av dokke som veit meir om henne? Vær ikke redd Vær ikke redd for vekten av min kjærlighet. Den skal ikke hvile på deg men bli båret i spennet mellom min lengsel og min ensomhet. Om jeg bygget en bro mellom våre to kyster skapte jeg den ikke for å løpe over til den andre bredden – men for å tilbe lysets spill og de mørke skyggene over et byggverk. Hendene dine Hendene dine er ikke lenger bare dine Hendene dine er et rom av stort lys en verden av utålmodighet. Jeg bor i dem. Og når du er borte legger jeg ansiktet mot dem og gjemmer meg der.
På fredag, då hovudformålet var å skaffe ny seng, kjøpte eg og eit vitrineskap. Eg har nemleg hatt ein hemmeleg draum om å stille ut parfymene mine! Det er også ei praktisk årsak til dette, eg avgjer ikkje kva for duft eg skal ha på meg ein dag før eg er heilt klar, og har kledd på meg. Når parfymene er på loftet gløymer eg altfor ofte å ta på meg noko. Når dei no står i skapet i stova kan eg ta på meg ei duft rett før eg går. Dei er ikkje så veldig organisert i skapet, men sortert etter to hovudprinsipp: Bakerst står dei høge flaskene. Så blir dei mindre og mindre framover. I tillegg har eg dei mørke flaskene og flaskene med raudtonar nede, og dei lyse flaskene og flasker i gyldne tonar øverst. Eg har også prøvd å plassere dufter av same produsent saman. Sett i forhold til andre parfymegale er denne samlinga ikkje spesielt stor. Det finst parfymegale som har heile rom fylt med dufter. Men eg er glad for …
Er ikkje denne søt? Eg må langdistanseklemme kjæresten min mesteparten av denne veka, så difor trøystar eg meg sjølv med denne.
Cappelen Damm har gjeve ut inspirasjonsboka En smak av høst. Forfattarane er Kari Finngaard, Gudrun Ulltveit og Kari Renberg. Dette med forfattarane forvirrar meg litt, boka har tre avsendarar på omslaget, men inne i boka har dei fleste tekstar “jeg”-form. Det er berre ein liten detalj, men avsendarperspektivet vert uklart for meg som lesar. Sjølve boka er lekker, flotte, ikkje for glorete bilde, tiltalande layout og enkel og lesbar tekst. Oppskriftene er grundige og presise, og utvalet er ei fin blanding av tradisjonelle klassikarar og meir nyskapande ting å lage. Dei har overvekt på det søte, skulle eg pirke kunne eg kanskje tenke meg fleire oppskrifter på mat som ikkje er søt, men som inneheld ting som ein haustar. Bakerst i boka er det også nokre døme på kransar og anna pynt som ein kan lage med haustmateriale. Eg får aldri sett slike planar ut i livet, men presentasjonen og idéane er veldig gode. En smak av høst er ei upretensiøs men gjennomarbeida bok som inspirerer til å ta vare på grøda på mange ulike …
Eg skal på kurs eller seminar eller kva dei no kallar det med jobben i dag. Dersom eg skulle miste jobben, eller finne ut at der ikkje er levande så tenker eg at eg kunne byrje å halde denne typen kurs. Kva trur du? Ville ikkje det bli suksess?
Er du kattemenneske eller hundemenneske? På dette punktet er vi menneske delt i to, trur eg. Eg har vakse opp med katt, og familien min har også hatt hund i mange år, men i sjela er eg nok eit kattemenneske. Tambu, Kissinger, Nancy (ja, kona til Kissinger) og Lurven er kattar som har budd hos oss oppigjennom åra heime på Sunnmøre. Jorunn og Eirik er også kattemenneske, og dei har skrive denne søte historia om Linus og Ada. Å, eg får lyst på eit hus på landet og to kattar når eg les denne historia. Innekatt vil eg nemleg ikkje ha. Dei er frie dyr som må få streife og finne sitt område. Kva er du, hund eller katt?
og trykk på play-knappen. And the world will live as one.
…and the only angel who sees us now Watches through each other’s eyes And I can hear him In every footstep’s passing sigh He goes crazy these nights Watching heartbeats go by… And they wisper — We belong together We belong together
Livet mitt er snudd på hovudet den siste veka. Etter lang tid med tåkeskyer og trist regn i sjela ser alt heilt annleis ut. Denne helga skal eg gjere heilt andre ting enn eg trudde forrige helg, eg, eller kanskje skal eg seie vi, må mellom anna ein tur til IKEA for å bytte ut ei vaklevoren seng (:rødme:). For første gong på lenge blir eg sett, begjært og nytt, og det er intenst gjensidig. Livet tek nokre underlege svingar av og til, og denne svingen er eg utruleg glad for. Eg er heime, han har kome heim til ein heim han ikkje visste han hadde. Eg smiler, og det gjer han og. Eg ynskjer alle som kjem innom ei fredeleg helg, med mykje latter og glede! Klem dei du er glad i, og nyt livet. Det skal iallfall eg gjere.
Eg har fått tilsendt En smak av Norge frå Schibsted forlag, ei praktbok av Cecilie C. Sandberg (tekst) og Nancy Bundt (foto). Boka har stort format, og er skikkeleg tjukk, over 300 sider. Den er ei reise rundt om i landet, med oppskrifter av ulik karakter. Eg trudde først at den omhandla berre lokal matskikk, men det gjer den ikkje. Den har noko lokal mat og, men det er mykje “finmat”, skalldyr, brulée, carpaccioar og parfaitar. Grunnen til det er at boka eigentleg er hotellreklame. De historiske hoteller har vore vertskap for forfattarane, så dette er typisk hotellmat. For meg gjer det boka litt uinteressant. Oppskriftene er så vidt eg kan sjå veldig gode, nøyaktige og presise. Men dette er kompliserte rettar, å lage dei krev mange operasjonar. Du finn ikkje mange oppskrifter på kvardagsmat i denne boka. Boka er vakker, bilda er nydelege, og som turistreklame er den uovertruffen. Men ei kokebok er den eigentleg ikkje. Den er ein imponerande presentasjon over flinke matfolk på hotell og restaurantar rundt om i landet, men den …
Enkelte Finn-annonser er morsommare enn andre. Sjekk ut denne. Den handlar om pinnar, eg seier ikkje meir.
Å vere student treng slett ikkje alltid vere smalhans, kunsten er å minimere utskeiingar og uventa kostnader. I matvegen er det lønnsomt å spise heime heller enn ute, og inviter gjerne med deg nokon på middag. Så er det deira tur neste gong, ein enkel og sosial byttehandel. Tomatsuppe er ein sikker vinnar, her skal du få lære å lage den klasssiske utgåva. Dette er ei suppe som du kan invitere gjestar på, og blir det restar kan du spare det til neste dag. Tomatsuppe på pose er trist samanlikna med denne, og den er heller ikkje vanskeleg å lage. Slik gjer du det: Tomatsuppe 2 ss smør 3 ss kveitemjøl Ein halv finhakka løk Ein liten boks tomatpuré 8 dl vatn Ein buljongterning Ein boks hakka tomatar ½ ts tørka timian Salt, peppar og sukker Ein skvett mjølk (ca. 1 dl) Smelt smøret i ei gryte, og ha i løken. Surr dette på middels sterk varme til løken er blank. Ha i tomatpuréen, og la den frese litt saman med løken til den skiftar litt …
På ein liten hybel med varierande fasilitetar og med eit studielån som fordunstar utan solskin kan det vere ei utfordring å få til god og spennande mat utan å gå konkurs. Her får du nokre tips som kan inspirere til utprøving og eksperimentering i matvegen. Det viktigaste når ein skal lage god og rimeleg mat er å ha nokre basisvarer i huset, slik at ein slepp å kjøpe alt når ein skal ut og handle. Pass på når ting er på tilbod, eller sjekk ut innvandrarforretningane der du bur, dei er ofte veldig billige på tørrvarer som toler langvarig lagring. Spesielt ris, pasta, chilisaus, soyasaus og soltørka tomatar er mykje billigare hos våre nye landsmenn enn på rimirema. Det klassiske hybeltrikset er å invitere foreldra dine på besøk, og så gå i butikken. Då betalar dei, og du kan få handla litt basisvarer som du kan ha mykje moro med. Styr unna einmannsmiddagar og ferdigpizza. Det er dyrt, og smakar ganskje kjedeleg. Du får det mykje betre til sjølv. Suppler med nokre grønsaker som held …
Denne lagde eg ikkje sjølv, eg fekk den servert på andre sida av plenen. Men ikkje desto mindre, den er så god at eg må berre dele den med dokke. Unnskyld for den elendige fotokvaliteten, iphone… Slik gjer du det: Blåbærpannekake 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt 2 ss sukker 4 dl blåbær, frå skogen eller frysedisken Kok blåbæra opp med sukkeret, og set til side. Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake. Legg dei oppå kvarandre med blåbærsaus eller syltetøy mellom kvart lag. Skjer i snippar og server. Leppene vert goth-farga, men det er …
Time is never time at all You can never ever leave without leaving a piece of youth And our lives are forever changed We will never be the same The more you change the less you feel Believe, believe in me, believe That life can change, that you’re not stuck in vain We’re not the same, we’re different tonight Tonight, so bright Tonight And you know you’re never sure But you’re sure you could be right If you held yourself up to the light And the embers never fade in your city by the lake The place where you were born Believe, believe in me, believe In the resolute urgency of now And if you believe there’s not a chance tonight Tonight, so bright Tonight We’ll crucify the insincere tonight We’ll make things right, we’ll feel it all tonight We’ll find a way to offer up the night tonight The indescribable moments of your life tonight The impossible is possible tonight Believe in me as I believe in you, tonight
Viss du ikkje har lest det enno: Gå inn og les det virrvarr skriv om dama ho ikkje vil bli. Les det og rødme, slik eg gjorde. God helg!
I dag er det den finaste dagen. Det er roleg på jobb, eg vart ferdig med ein viktig milepæl i eit stort prosjekt i går, og dagen i dag går med til å fungere for sjefen, rydde opp og drikke fredagskaffe. Når eg kjem heim er eg åleine. Eg har hatt barna her i ti dagar, no drar dei til pappaen sin og det vert stille i huset. Eg elskar barna mine, men det er også deilig å ha tomt hus, at det berre er meg her. På toppen av det heile har vaskedama vore her, og alt er strøkent. Eg er så glad i vaskedama mi, ho gjer ein kjempejobb. Ho tek til og med ut av oppvaskmaskinen, og alt er reint og på plass når eg kjem heim. Slike damer er gull. I kveld skal eg ut og møte nye menneske eg ikkje har møtt før, ein heil gjeng, faktisk. Det blir spennande, ein smule skrekkblanda fryd, men mest glede, vonaleg. Eg ynskjer alle som stikk innom her i dag og i kveld …