Å vere student treng slett ikkje alltid vere smalhans, kunsten er å minimere utskeiingar og uventa kostnader. I matvegen er det lønnsomt å spise heime heller enn ute, og inviter gjerne med deg nokon på middag. Så er det deira tur neste gong, ein enkel og sosial byttehandel.
Tomatsuppe er ein sikker vinnar, her skal du få lære å lage den klasssiske utgåva. Dette er ei suppe som du kan invitere gjestar på, og blir det restar kan du spare det til neste dag. Tomatsuppe på pose er trist samanlikna med denne, og den er heller ikkje vanskeleg å lage. Slik gjer du det:
2 ss smør
3 ss kveitemjøl
Ein halv finhakka løk
Ein liten boks tomatpuré
8 dl vatn
Ein buljongterning
Ein boks hakka tomatar
½ ts tørka timian
Salt, peppar og sukker
Ein skvett mjølk (ca. 1 dl)
Smelt smøret i ei gryte, og ha i løken. Surr dette på middels sterk varme til løken er blank. Ha i tomatpuréen, og la den frese litt saman med løken til den skiftar litt farge. Strø på mjølet, og la det surre medan du rører blandinga glatt med ein visp.
Slå på vatnet, og rør kraftig slik at det ikkje klumpar seg. La det heile koke opp. Ha i buljong, timian og innhaldet i tomatboksen, og la suppa koke på middels varme i ca. 6-8 minutt. Rør av og til.
Timian slepper smaken sakte, så den blir betre av å få koke i suppa ei stund. Du kan bruke andre urter og, til dømes merian eller basilikum. Basilikum har ganske sterk smak, så ikkje bruk så mykje av den, og ha den i mot slutten. Den kan bli litt beisk viss den får koke for lenge. Ferske urter kan og brukast, og prinsippet er det same der: Timian og merian kan koke lenge i suppa, basilikum bør puttast i ved servering.
Smak til med sukker, salt og peppar, og viss suppa blir for syrleg kan du runde den av med ein skvett mjølk.
Vil du ha suppa heilt glatt, kan du køyre den glatt med stavmiksar, viss du har. Server med godt brød, eit kokt egg viss du har, eller med eit parmesandryss. Velbekomme!