Billig mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Comments 4

Amerikansk frukost


Å spise pannekaker til frukost gjev meg ein deilig, rampete følelse.

Det har noko litt uvørent og vågalt ved seg, no i desse lågkarbo-tider. Alt skal vere så proteinrikt, sunt og helsebringande. Pannekaker med kvitt mjøl og steikt i smør er nesten på linje med eit lovbrot.

Men her i huset har vi det ofte, både dei tjukke amerikanske og dei norske, tynne. Enkelte meiner dei er franske, det må dei gjerne. Med blåbær frå målselvskogane er dei norske nok for meg.

Eg elskar amerikanske pannekaker, men eg har ikkje fått dei til, syns eg. Men no har eg funne ut kva som skal til: obskøne mengder bakepulver. Prøv denne oppskrifta, du kjem ikkje til å angre.

Eg lagar dei i stor steikepanne, då får eg plass til fire pannekaker i kvar steikerunde. Har du takke kan du godt lage dei på den. Slik gjer du det:

Amerikanske pannekaker

Vel 3 dl mjøl (ca. 180 g)

1 egg

2 ss sukker

½ ts salt

1 ss bakepulver

3 ss smør

3 dl mjølk

Bland alt det tørre i ein bolle. Visp saman mjølk og egg, og rør i smøret, som bør ha kolna litt. Slå væska oppi mjølblandinga, medan du rører flittig.

Steik små pannekaker, ca. 3 spiseskeier røre per pannekake, i smør eller margarin. Server med lønnesirup, og litt meir smør, viss du har blodkar til det.

 

4 Comments

  1. Jorid says

    Eg åt «amerikanske» pannekaker til frukost ein av dagene me sist var i england. Dei vart enno betre med diverse bær og frukt mellom pannekakelaga – skikkeleg knall! Så har du eit par jordbær eller blåbær liggjande er det absolutt verdt å legge dei på stabelen. 🙂
    Men det ikkje akkurat den beste frukosten for ein dag med mykje shopping og trasking. Då var nok Helge sitt val, ein skikkeleg frukostbiff, betre.

    Likar

  2. Mellomste karen her i huset kom heim frå ei fotballturnering i Damnark for eit par år sidan. Då måtte eg kjøpe inn lønnesirup så han kunne halde fram med det til han gjekk lei.
    Eg har laga det med elevar, men då med surmjølk. Kva skil dei eigentleg frå sveler?
    Elles må eg seie at dine er moderate når det gjeld sukker …

    Likar

  3. Det er vel surmjølka som skil dei frå svelene, pluss at svelerøra er vel surmjølka, hevemidla og at sveleoppskrifta mi er feittfri. Denne oppskrifta er også mindre søt, som du seier. Sveler vert lettare, er mi erfaring.

    Likar

  4. I mi sveleoppskrift (MRF eigentleg) er det 75 g smør pr liter surmjølk. Men på takka brukar eg så vidt litt smør å steike i. Då vert takka lettare å gjere rein. Ein har sine metodar etter kvart …

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s