All posts tagged: Lørdagskos

Nachos med biff

Vi er i nabolaget, vil de ha besøk? Kjære vene, kor glad ein blir for slike meldingar no for tida. Ein meters avstand får vi til, og mat skal kome på bordet. Stor stas! Men kva skal vi servere? Vi hadde planlagt ein enkel biffmiddag, så vi hadde kjøpt inn to gode entrecotar som vi skulle steike. Korleis blir to biffar til middag til fire? Jau, då lagar du nachos med biff. Du kan lage nudlar med biff, eller ein thailandsk biffsalat og, løyndomen er å krydre kjøtet godt, steike det heilt perfekt, og så skjere det i tynne strimlar som du fordelar i retten. Bra for miljøet er det og, å mette fleire med mindre porsjonar kjøt. Det meksikanske (eller kanskje rettare det texansk-meksikanske) kjøkenet er basert på nokre grunnleggande krydder. Det er chili i ulike variantar, paprika, både røykt og vanleg, peppar, cayennepeppar, spisskummen og koriander. Eg lagar ofte mi eiga meksikanske krydderblanding, som eg har ståande (i eit godt merka glas!) i krydderskapet. Då kan eg raskt få til den gode smaken …

Karin si ostepanne

Kva er det som er best no? Det tenker eg når eg går inn i matbutikken og skal kjøpe inn. Det er så mange som er organiserte og flinke, og lagar matplanar søndag kveld, og så handlar dei inn mandag kveld, etter middag, og etter at rushet er over, for då er det nye, ferske varer i butikken. Så organisert klarer eg dessverre ikkje å vere. Men eg er knallgod til å la meg inspirere av det eg finn i butikken, og no renn butikkane over av store, saftige, sprø blomkålhovud. Dei kan brukast til masse forskjellig, du kan gratinere dei med ostesaus og bacon, dei kan vendast i olje og krydder og ristast i langpanne, og dei kan rivast til ris for dei som vil ha eit sunnare tilbehør til maten. I vår familie er den klassiske blomkålretten ostepanne. Den har blitt laga i vår heim så lenge eg kan hugse, og i følge ei familiehistorie var eg ikkje meir enn fire-fem år før eg kunne gje bort denne oppskrifta. Ein friar som vanka …

Fylt rivebrød

Av og til treng ein berre noko å kose seg med. Det er fort gjort å ty til snop og potetgull, men den beste kosematen er den du lagar sjølv. Ein liten gut eg serverte dette til sa: Det er som pizza som står! Ja, det er på ein måte det. På engelsk kallar ein det pull-apart-bread, på norsk kan vi kalle det rivebrød. Deilig, saftig gjærdeig som vert steikt lag på lag med gode smakar mellom skivene. Det er veldig enkelt å servere, legg det på eit fat, eller ta det med deg på tur i ein avlang boks, og så sender du det rundt, og alle riv av sin bit. Smakane i slike rivebrød kan varierast i det uendelege. Dei kan også lagast søte, med bolledeig som du kjevlar ut, og smører med smør, sukker og kanel, eit nøttedryss eller med søtt pålegg som hapå eller nugatti. Til kveldskos eller lunsj er det vel så godt med den salte versjonen, og i dag har eg laga fire ulike smaksvariantar. Ver raus med fyllet, …