Allergi, Billig mat, Fest, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comments 3

Kyllingrullader


På konfirmasjonsbordet sto det kyllingrullader med spekeskinke og basilikum.

Kyllingrullader er lette å lage, og du kan lage dei ferdige på førehand og varme dei opp.

Kyllingbrysta blir banka flate, og så rullar eg dei med basilikumblad og ei skive strandaskinke og festar med tannpirkar utan mentolsmak. Eg serverte dei med ein mørk, krydra honningvinaigrette som eg vart veldig fornøgd med. Slik gjer du det:

Kyllingrullade

Eit kyllingbryst per person

Ei skive spekeskinke per filet

Tre-fire basilikumblad per filet

Salt og peppar

Margarin til steiking

Skjer indrefileten av fileten, og legg den til side. Bank kvar filet mellom to flak plastfolie, det gjer jobben lettare og meir reinsleg. Vend på fileten iblant slik at du bankar det heile jamt utover. Fileten skal vere snautt 1 cm tjukk over det heile.

Ta øverste folielag av, og legg på ei spekeskinkeskive og basilikumblad. Rull fileten tett saman og fest med ein tannpirkar. Steik fileten rundt det heile til den er gjennomsteikt. Dersom du lagar den på førehand bør du kjøle den så fort som råd er.

Varm rulladane opp att ved å legge dei i ei eldfast form, ha på litt væske, som vatn med buljong eller liknande, og dekk med folie. Du kan godt putte i litt bladpersille og vårløk og slik eg gjorde. La rulladane dampe på 175 grader i ca. 15-20 minutt. Server med saltkokte poteter og honningvinaigrette.

Tre indrefiletane på små grillspyd og steik dei i steikepanna. Barna elskar slike, så lag mange.

Honningvinaigrette

1 dl balsamico

3 dl olivenolje, extra virgin

1 ss flytande honning

1/2 ts timian

Salt og peppar (eller peppar/korianderblanding)

Ha alt i ein blender, og køyr det glatt. Ha i ei pen flaske, og sett ved sidan av fatet med kyllingrullader.

Eg hadde att av blandinga av poppa (rista) svart peppar og koriander som eg knuste og brukte som dry-rub då eg hadde is i rubben for ei stund sidan. Den pepparblandinga gjorde underverk med denne dressingen, så prøv det om du er klar for litt spenning i kvardagen. Rist 1 ss peppar og 1 ss korianderfrø i tørr steikepanne til dei poppar. La dei kolne, og knus dei i mortar. Ha 1 ts av denne blandinga i honningvinaigretten før du blendar den. Denne retten er gluten-, mjølke- og eggefri.

3 Comments

  1. Ja, nå noterer jeg flittig, kan du tro, til konfirmasjonen som skal holdes her om noen måneder. 😉

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s