No er eg åleine att her, og det einaste som lagar lyd er oppvaskmaskinen som jobbar for å hjelpe til etter ein middag som fjortenåringen lagde.
Det blir slik i byrjinga av denne veka, men frå torsdag og utover byrjar folk å kome til konfirmasjonen som er neste laurdag. Eg syns det er fint å ha litt tid for meg sjølv, men ikkje for lenge. Slik er det vel for dei fleste av oss som er åleine i periodar.
Allereie i morgon skal pappaen og eg ut og handle inn matvarer til den store festen. Eg skal lage all maten, og planlegg å legge ut framdriftsplan og oppskrifter her etter kvart som eg held på. I dag får dokke “saltmatmenyen”, eg kjem attende med dessertane og kakene. Dette skal vi servere:
Kaldt:
Gravlaks med dillstua poteter og sennepssaus
Asparges med parmaskinke og balsamico
Grønnsaksterte
Stor salat med bacon, pecorino, cherrytomatar og sukkererter
Varmrøykt ørret med honningvinaigrette og ruccola
Varmt:
Scampi på spyd med sursøt saus
Kjøttbollar med tomatsaus
Fylt kyllingbryst med urter og kvit balsamico/appelsinvinaigrette