Månad: april 2010

Med en primula veris


Du Vårens milde, skjønne Barn, tag Vårens første Blomme, og kast den ej, fordi du ved, at Somrens Roser komme. Ak, vist er Somren lys og smuk og rig er Livets Høst, men Våren er den deiligste med Elskovs Leg og Lyst. Og du og jeg, min ranke Mø, står jo i Vårens Rødme; så tag da min Blomst, men giv igjen dit unge Hjertes Sødme! Den bergenske diktaren John Paulsen skreiv dette diktet som Grieg har tonesett så vakkert. Eg har ein primula i fredagsvindauga mitt, men det er ikkje ein gong ein primula veris, snarare ein primula vulgaris. Men like blid står den der og minner om at forkjøling og anna elende går over. No skal eg vandre over plenen og bli servert og skjenka på beste vis. Det er ikkje farleg når ein blir teken hand om på slikt vis, og berre treng å ta med ei skål aioli! Eg skal kanskje prøve å finne ei flaske god vin i kjellaren og. Eg ynskjer alle som stikk innom ein fredeleg og fin …

Meir godt brød


Bipbap kan meir enn parfyme, ho kan også bake brød! Folk som kan mange ting imponerer meg alltid. Takk, Bipbap! Alt godt 1 kg sammalt grov hvete 1 kg sammalt fin hvete 1 1/2 dl kruskakli 1 1/2 dl hvetekim 1 1/2 dl valgfritt eller blanding av linfrø, havregryn, solsikkekjerner, sesamfrø 2 pk tørrgjær 1,7-1,8 liter lunkent vann 2 ts salt Blandes sammen i en stor bolle, og fylles i 3 brødformer kledd med bakepapir. Settes inn i kald ovn i 20 min. Stekes deretter rundt en time på 220 grader. Jeg pleier å legge et bakepapir over formene, for å unngå hard skorpe.

Godt kvardagsbrød


Heidi minner oss om at vi er attende i kvardagen, og lagar gode, saftige grovbrød. Nyt det! Alt godt Eg veit ikkje kva luktesans du har, men min er sånn midt på treet. For nokre år sidan var eg saman med ein gjeng matglade folk og dampa fåreribbe før jul, då ei av damene tok av loket på panna og sa; ” her luktar det ver, det er ein ver vi skal ete til middag!” Vi andre vart mållause før latteren kom. I første omgang trudde vi ho tulla heilt til ho fekk overtydd oss om at dette er skikkeleg verlukt. Då eg åt kom verlukta oppi nasa mi og eg fekk ei kjensle av at eg hadde smakt betre kjøt før. Ikkje lenge etter denne hendinga vart Nobelprisen i medisin delt ut til to amerikanske forskarar, Buck og Axel, på grunn av forsking knytt til luktesansen vår. Dei har funne ut at nervebanene for lukt går til området i hjerna vår som har med kjenslelivet vårt å gjere, og dei er kobla saman med …

Salsa!


Namnet Erich Hörtnagl seier deg kanskje ikkje så mykje, men det er han som lagar desse vakre, små filmane som NRK og SVT sender når dei har ledig plass på sendeskjemaet med folk som held rundt kvarandre, kysser og viser kjenslene sine ute i det fri.  Her er ein dansefilm, altså to fine ting på ein gong: Hörtnagl og salsa. Nyt!

Sju ting til


Søte Lothiane har gitt meg ein award. Eg har fått den før, av andre, og blir like glad kvar gong. Det vert vanskelegare og vanskelegare å svare, men ein kan ikkje gi seg. Her er sju nye, (u-)interessante opplysningar om meg: 1. Eg er konfirmant-mamma no i april. Og finst ikkje stressa. Er det feil? 2. Eg treng nye konjakkglas og ein kjæreste. Elles har eg det meste. Og ein kjæreste, forresten. 3. I hagen min poppar krokus og snøklokker fram. Og jammen er det ikkje liv i den store, raudlette julerosa og. Jippi! 4. Eg lærer fjortenåringen å lage middag. I kveld blir det kyllingfilet. Ho er flink! 5. Eg er sørpe forkjøla. Kjedeleg. 6. Eg manglar litt inspirasjon for tida. Beklagar det. Skal prøve å skjerpe meg. 7. Eg ynskjer alle som stikk innom bloggen velkomne tilbake til kvardagen etter fortente påskeferiedagar. Utfordringa går til dei som vil, og som har meir inspirasjon enn meg! 🙂

Get ready for departure…


Vi har byrja å pakke, i dag planlegg vi å bade i DGI, og elles bruke tida på å rydde litt etter oss. Denne gongen har byttet vore enkelt på den måten at vi har blitt einige om at vi byttar kjøleskap og frysar, altså med innhald, og at vi berre støvsugar og ryddar etter oss kvar på vår side. Fire dagar er eit kort bytte, så full vask er ikkje nødvendig. Eg har gjort det slik med dei korte bytta eg har hatt. Vi tek av sengetøy og dukar før vi drar, og syter for at det ser ordentleg ut. Vi passar på at vi ikkje legg noko att, det er alltid eit styr å få organisert det tilbake. I fjor budde skateboardet til elleveåringen i Danmark til godt etter pinse, etter å ha blitt attgløymt i eit klesskap i gangen der vi då budde. Det har blitt dårleg med bilde denne gongen, vi klarte sjølvsagt å gløyme att overføringskabelen då vi dro frå Oslo. Det er så mange kablar, ledningar og ladarar at …

Oops, I did it again…


Vi var på ein enorm loppemarknad i dag, i Forum nederst på Fredriksberg. Det var så digert! Eg brukte to og ein halv time, og då rakk eg over berre andre etasje og halve første etasje. Det var på storleik med Oslo spektrum, fullstappa med lopper, av til dels svært god kvalitet.  Eg fekk med meg nokre skattar. Tolv likørglas frå Holmegaard i serien Hørsholm vart mine for 200,-. Dei var heilt feilfrie, og nydelege med slipte horisontale striper. Når dei var i produksjon veit eg ikkje, kanskje ein av dokke veit? Men toppen på kransekaka var då eg kjøpte alt ei dame hadde av parfymer. Ho hadde masse anna og, så eg sette henne ikkje ut av drift fullstendig, men parfymeselgar kan ho altså ikkje lenger kalle seg.  Samlinga ser du til høgre, her er det mange skattar. Gamal Chloé, som luktar heilt fantastisk, Cabochard Gres, L’Interdit frå Givenchy i 1957-versjon, eit rør med Diorissimo i Extrait d’parfum, K by Krizia, gamal Lagerfeld, gode, kjære Charlie frå seint syttitalet, Balenciaga sin Rumba, ei klassisk …

Ein annan familie


Påska er fin, vi kan vere saman, dra på hyttetur her eller der, eller vi kan reise ut av landet desse kjærkomne fridagane. Mange av denne typen aktivitetar er det naturleg å gjere saman med familien. I høgtidene vert denne familiesamhandlinga veldig tydeleg, særleg for dei som ikkje har nær familie sjølv. Eg kom i prat med ei som har det slik i går. Hennar eiga familie har ho vorte nøydd til å ta avstand frå, dei et henne opp. Psykiatri, rus og store konflikter har gjort at ho og hennar vesle familie må leve sitt eige liv, utan det støtteapparatet og sosiale nettverket som ein samanknytta familie har. For henne blir det overtydeleg, alt dette pratet om å dra på hytta med familien, treffe slektningar her og der og vere saman. Hos dei er det berre to små og to store, dårleg økonomi gjer at reiser og andre aktivitetar som kostar mykje pengar er utelukka. Samstundes har ein lett for berre å sjå veggane rundt seg når ein har det slik. Det er lett …

På bordet


må det alltid stå blomar. Her i København er det spesielt billig og lettvint å velge kva ein vil ha, buketten du ser på bildet kosta 30 kroner! Kvaliteten er variabel, så ein må sjekke nøye det ein kjøper, men eg elskar det når eg får store bukettar i hus, og kan fylle opp vasane utan dårleg samvit og overtrekt konto. Det er eit enkelt lykketips: Når du er på reise, og skal bu på same plass nokre dagar, kjøp deg ein bukett til å ha på bordet. Bur du på hotell brukar resepsjonen å vere meir enn villige til å framskaffe ein blomstervase. Og så kan det hende med deg som det hende med Heidi og meg då vi var i København i fjor i mai: Då vi hadde sjekka ut og sat og drakk te og kaffi i resepsjonen kom dei ned med buketten på dette bildet, og sette den på resepsjonsdisken. Så fin syntest dei han var. (Vi vart litt smigra.)