Month: juni 2010

Not fit for flight

Dette har eg opplevd på nært hald, at ein flypassasjer går amok på flyet, og går til åtak på kabinpersonalet. For vår del var det på veg frå Doha til Kathmandu, der ein passasjer hadde fått i seg noko han ikkje hadde spist, og lagde bråk store delar av turen. Slike situasjonar er ekstremt ubehagelege, og må vere kabinpersonalet sin store skrekk. Samstundes er det grunn til å lure på kva innsjekkingspersonalet har gjort her, det bør vere deira oppgåve å gjere ei kjapp vurdering av dei som går ombord. Slike personar burde det vere mogeleg å «avdekke» før dei kom så langt som inn på flyet. Bakkemannskapet må nok gå i seg sjølv her, og sjå på kva dei kunne ha gjort betre for å oppdage dette tidlegare. Samtidig er tidspresset stort, og ein vil kanskje ikkje forsinke innsjekk med å byrje å akkedere med personar som kanskje kan skape bråk. Mange og kjappe vurderingar skal gjerast, og nokre gongar oppdagar ein for seint at dette mennesket ikkje burde fly i det heile.

Marknad i dag!

I dag har vi marknad i gården vår, der sel vi bøker, leiker, klede og sko, servise og alt du kan tenke deg. Det er meldt regn, men under over alle under, vi har telt! Så under det er det mogeleg å få ein fin marknadsopplevelse midt i byen. Ta buss 37 til Tannlegehøgskolen, og gå inn i gården ved den Jokerbutikken som ligg inne på plassen, ikkje ute  i Geitmyrsveien. Inne i hagen finn du oss. Velkommen!

Cheesecake Brownie

Det gjekk brått opp for meg at eg aldeles hadde gløymt å poste oppskrifta til dei sagnomsuste cheesecake-browniane som eg lagde til den mykje omtalte konfirmasjonen. Restane av denne hadde eg med på jobb på mandagen etter konfirmasjonen, og matlei som eg var var eg litt flau over å servere desse kakebitane som hadde daldra i sykkelkorga mi langs ring to i ein plastpose. Men på kontoret forsvann dei som dogg for sol, og røynde kakeetarar skrytte av dei. Så eg fekk altså tilbake trua på denne ville idéen om å blande ostekakemasse og brownies. I etterkant googla eg det, og fann nokre variantar, så heilt unik var eg ikkje. Eg fann mellom anna sjokolademuffins med ostekaketopping. Men her er altså min vri: Ostekakebrownie 200 g smør 250 g mørk sjokolade 275 g sukker 4 store egg 200 g mjøl 2 ss kakao 2 ts ekte vaniljesukker 150 g hakka, mørk sjokolade Til ostekremen: 300 g nøytral kremost 1 egg 150 g sukker 1 ts vaniljesukker Set omnen på 180 grader. Smelt smøret på svak …

Ting ein kan vente på

–       at ein skal klare å samle mot nok –       at ein skal få stå på eigne bein –       at det skal bli plass nok mentalt og fysisk –       at roa skal senke seg –       at kjensler skal oppstå –       at kjensler skal gå over –       at løfte skal bli haldne –       eller at dei skal bli brotne –       at barna skal kome –       og at dei skal dra –       at nokon kanskje kjem til å kome –       at ein skal bli sett pris på –       at ein skal få gi det ein vil gi –       at svevnen skal ta ein –       at smertene skal bli borte –       at det skal bli stille i huset –       at ein skal kjenne den intense gleda som finst men som ikkje er her heilt enno. Alt dette kan ein vente på. Eg er lei av å vente. Kva ventar du på?

Kveldskos for mor II

Ein saftig risotto vart kveldsmaten i kveld, etter ein sveitt peppe’s pizza på driftsstyremøte klokka fem. Slik gjorde eg det: Asparges- og vårløkrisotto 1 dl arborioris Ein liten løk 3 dl kyllingbuljong Ein skvett kvitvin 3 asparges frå hagen to stilkar vårløk 3 ss riven pecorino eller parmesan Finhakk den vanlege løken. Smelt smøret i ei vid, låg panne, eg brukar steikepanna mi. Ha i løken, og la den surre seg blank. Ha i risen, og slå på kvitvin. La vinen koke inn medan du rører. Slå på krafta litt og litt, og la den bli kokt inn jamnt og trutt til du har ein krema «stuing». Snitt aspargesane på langs, og del i passe store bitar. Snitt vårløken skrått. Når risen er «al dente» (med ørlite tyggemotstand) har du i asparges og vårløk, og lar det dampe eitt par minutt til. Rør inn osten, og server med nyskoren spekeskinke. Med pecorino er denne retten mjølke- og glutenfri. Mmmm…

Generaltabbe

I det siste har eg vore noko bakpå når det gjeld å få lese avisene som kjem i hus. Eg har gjort mange kjekke ting, vore på festar og truffe nydelege menneske, og difor er eg ikkje ajour. Det har sin pris. I ettermiddag senka freden seg etter handletur og andre viktige ting, og eg fekk sett meg ned med ein kopp te og ein stabel med aviser. Kva les eg i Aften Aften for torsdag? At det er marknadsdag i Bygdøy Allé på laurdag. Skal tru om Gimle parfymeri er med på det, tenker eg. Jaudå, mellom anna har dei -50-70% rabatt på ein del nisjeparfymer… Kva er det dei har selt til halv pris og mindre enn det? Profumum? DelRae? Byredo? Acqua di Parma? Creed? No er det uansett for seint. Det er så ille at eg må berre la vere å tenke på det. Grrr… Er det nokon av dokke lesarane som fekk med dokke dette, og gjorde kupp? Rapporter i kommentarfeltet, og gni det inn – med salt…

Arne er død

Arne Nordheim døde i dag, 78 år gamal. Arne var rabulisten, debattanten og nyskaparen. Vi som er vande med dagens slappe og uinspirerte kulturdebatt kan ikkje forestille oss korleis fillene fauk og temperamenta støtte mot einannan i dei debattane Arne var ein aktiv deltakar av. Då eg møtte han hadde stormane stilna, og han var ein entusiastisk, energisk og snill (og ikkje så reint lite dameglad) aldrande mann. Han var alltid blid, og stilte opp når han vart beden og han likte formålet. Sjølv hadde eg gleda av at han tok ein telefon til ein kulturminister og fekk lirka ut ekstra pengar til eit prosjekt eg var med på, og det gjorde han med stor fryd. Han hadde ikkje personleg glede av pengane, men han elska å vere den som fekk ting til å skje. I selskap var han ein elegant bordkavaler, alltid med vittige poeng og anekdoter frå det mangslungne livet han levde. Elegante Rannveig var alltid i nærleiken, og same kor dameglad han var så vandra han alltid heim til grotta deira arm …

Dette må du sjå

Har eg fortalt at vi skal til Paris i sommar? Vi skal bytte hus (som vanleg) med ein fransk familie. Ikkje så langt unna der vi bur ligg denne fantastiske leikeplassen. Sjølv om mine barn ikkje er så små lenger, så ser eg på dimensjonane over dette at elleveåringen kjem til å elske å klatre i dette. Eg har framleis friskt i minne ein gong vi måtte redde han ned frå ein klostermur i Nímes i Sør-frankrike, han var seks år, og hadde klatra langt lenger opp enn han beherska. Dette trur eg er tryggare enn ein klostermur, pluss at han er større, sterkare og vonaleg klokare. Leikeplassen er bygd i Parc de Belleville, og ligg i 47, rue des Couronnes, i det tjuande arrondissementet. Med Metro drar du til haldeplassen Couronnes. Leikeplassen er designa av arkitektfirmaet BASE. Bilda har eg henta frå bloggen til Handmade Charlotte, ein kjempefin blogg om forseggjorte ting til huset og til barn. Og så har ho altså ein eigen temakategori der ho presenterer fine og forseggjorte leikeplassar rundt om …

Plutseleg

God mat, god vin, sol og vakre omgivnader. Unge menn som konverserer som om dei aldri har gjort noko anna, sirkusartistar som kastar seg ned frå taket og grand prix-konferansier. Plutseleg sit ho der, vakre, vevre, bustete Ingrid Olava. Ho syng hjarta sitt ut, sjølv om forretningsfolk skravlar uhøfleg bakerst i lokalet. (Kva er det med dei? Eg har opplevd det så mange gongar, og blir like provosert kvar gong. Må berre minne meg sjølv om at musikk ikkje gjev alle den same intense opplevinga.) Fire songar gir ho oss, deriblant ein Cohen-cover, Take this waltz. Ho er berre skjønn, og eit tvers igjennom musikalsk vesen. Så nær var eg.

Wasabi!

Eg hadde eit år på statsstipend for nokre år sidan, og ein av dei store bonusane med det var at eg kunne høyre Guttorm Andreassen si velmodulerte røyst kvar føremiddag når han var programleiar for Wasabi. Wasabi er den grøne pastaen som du får saman med sushi, og som du for guds skuld ikkje må putte i munnen i ei tugge fordi du trur det er noko med avokado. For det er det ikkje, det er eksplosivt sterkt. Wasabi på radio var ikkje eksplosivt, men veldig spennande og alltid utfordrande musikalsk. Mange sakna programmet etter at NRK i sin omleggingsiver la det ned. Det finst framleis støttegrupper for Wasabi på Facebook. Men MIC, Musikkinformasjonssenteret, har hyra Guttorm Andreassen til å lage ein webcastserie med musikken han likar. Den heiter 99 minutes, og der presenterer han masse kul musikk. MIC planlegg ti sendingar i 2010, og sidan dei ligg lagra på MIC sine nettsider kan du når som helst gå inn og lytte. Smart, ikkje sant? Casiokids, Bushman’s Revenge, Biosphere, Topper & Cadbury, Camilla Granlien Band, Cold …

Dance me

Dance me to your beauty with a burning violin Dance me through the panic «til I’m gathered safely in Lift me like an olive branch and be my homeward dove Dance me to the end of love Dance me to the end of love Oh let me see your beauty when the witnesses are gone Let me feel you moving like they do in Babylon Show me slowly what I only know the limits of Dance me to the end of love Dance me to the end of love Dance me to the wedding now, dance me on and on Dance me very tenderly and dance me very long We’re both of us beneath our love, we’re both of us above Dance me to the end of love Dance me to the end of love Dance me to the children who are asking to be born Dance me through the curtains that our kisses have outworn Raise a tent of shelter now, though every thread is torn Dance me to the end of love Dance …

Sommaren er i hus!

For meg er ei god spekeskinke nydeleg sommarmat. Du kan ha den til rømmegraut, eller servere den med nypoteter og grasløksaus. Ei av favorittdamene mine hadde fått ei spekeskinke av topp kvalitet i gåve, og den måtte skjerast i skiver. Eg er den heldige eigaren av ei skjeremaskin, så dermed vart mange fluer slått i ein smekk. Venninnetid i hagen, ferdig oppskoren skinke i lekre, tynne skiver, og jammen draup det ikkje litt på skjeraren og. Så no er nokre middagar framover sikra. Passe store porsjonar er pakka i ziplockposar, og i dei næraste dagane skal eg nikose meg med førsteklasses spekekjøt. O lykke!

Kva er dette?

Denne veks mellom Akersgata 64/68 og Trefoldighetskyrkja her i Oslo. Den vesle parken er bygd opp av Høegh eiendom som ei gåve til byen etter at dei sette i stand bygget ved sidan av til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Gjennom parken slynger det seg ein liten sykkelsti, som gjer at ein no kan sykle frå Fredensborg og ned til Akersgata utan å måtte nedom regjeringskvartalet eller opp til St. Sunniva. Byråkratane i Arbeids- og velferdsdirektoratet et lunchen sin i sola i denne fine parken, heldige som dei er. Den er lekkert beplanta med lilla iris, lavendel, praktmarikåpe og ein skog av desse lilla, leppeblomstplantene med aromatiske blad. Beklagar fotokvaliteten, Iphone har skulda. 😕 Men likevel, kjære allvitande hagefolk, kan eg få hjelp med identifiseringa?