Ein saftig risotto vart kveldsmaten i kveld, etter ein sveitt peppe’s pizza på driftsstyremøte klokka fem. Slik gjorde eg det:
1 dl arborioris
Ein liten løk
3 dl kyllingbuljong
Ein skvett kvitvin
3 asparges frå hagen
to stilkar vårløk
3 ss riven pecorino eller parmesan
Finhakk den vanlege løken. Smelt smøret i ei vid, låg panne, eg brukar steikepanna mi. Ha i løken, og la den surre seg blank. Ha i risen, og slå på kvitvin. La vinen koke inn medan du rører. Slå på krafta litt og litt, og la den bli kokt inn jamnt og trutt til du har ein krema “stuing”.
Snitt aspargesane på langs, og del i passe store bitar. Snitt vårløken skrått. Når risen er “al dente” (med ørlite tyggemotstand) har du i asparges og vårløk, og lar det dampe eitt par minutt til. Rør inn osten, og server med nyskoren spekeskinke.
Med pecorino er denne retten mjølke- og glutenfri. Mmmm…
Åhnamm! Også asparges fra egen hage ..! 🙂 Så deilig, med god ost og skinke – dette merker jeg kan være kveldsmat for flinke piker også.