Eg hadde eit år på statsstipend for nokre år sidan, og ein av dei store bonusane med det var at eg kunne høyre Guttorm Andreassen si velmodulerte røyst kvar føremiddag når han var programleiar for Wasabi.
Wasabi er den grøne pastaen som du får saman med sushi, og som du for guds skuld ikkje må putte i munnen i ei tugge fordi du trur det er noko med avokado. For det er det ikkje, det er eksplosivt sterkt.
Wasabi på radio var ikkje eksplosivt, men veldig spennande og alltid utfordrande musikalsk. Mange sakna programmet etter at NRK i sin omleggingsiver la det ned. Det finst framleis støttegrupper for Wasabi på Facebook.
Men MIC, Musikkinformasjonssenteret, har hyra Guttorm Andreassen til å lage ein webcastserie med musikken han likar. Den heiter 99 minutes, og der presenterer han masse kul musikk. MIC planlegg ti sendingar i 2010, og sidan dei ligg lagra på MIC sine nettsider kan du når som helst gå inn og lytte. Smart, ikkje sant?
Casiokids, Bushman’s Revenge, Biosphere, Topper & Cadbury, Camilla Granlien Band, Cold Mailman, Kjøtt, Now we’ve got members, Center of the Universe, FNS (Fredrik Ness Sevendal), Tøyen Lindstrøm & Prins Thomas, Shining, Zanussi Five, Apoptygma Berzerk og Alf Prøysen er berre noko av det du vil få høyre.
Programmet er på engelsk, og formålet er å løfte fram morsk musikk frå alle sjangrar og stilartar. Me like! Du finn programmet her.
Takk!!! Linken til progammet er lagt til favoritter.