Billig mat, Italiensk mat, Middag, Pizza
Comment 1

Pizzasnurrar

I går lagde eg pizzasnurrar til min kjære og meg sjølv. Det er vel eigentleg på kanten til barnemat, men vi er litt barnslege. Slik gjorde eg det:

Pizzasnurrar (18 stk)

4 dl lunka vatn

4 ss olivenolje

2 ts tørka basilikum

1 ts tørrgjær

1 ts salt

Mjøl til passe deig

200 g kjøtdeig

1 ts tørka basilikum

2 fedd kvitløk

1 ss tomatpuré

0,5 dl vatn

150 g raud pesto

10 cm purre

200 g riven ost

Ha vatnet, oljen, salt og basilikum i bakebollen. Elt inn mjøl med tørrgjæra innblanda til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel.

Steik kjøtdeigen på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i basilikum og tomatpuré. Slå på vatn, og la det heile koke inn til kjøtdeigen er gjennomsteikt.

Smør på raud pesto, og og strø over kjøtdeig, finsnitta purre og mesteparten av osten. Rull leiven forsiktig saman til ei lang pølse. Skjer den i 2 cm tjukke skiver og legg dei rett på bakepapir. La dei etterheve i 20-25 minutt. Steik snurrane i 15 minutt på 210 grader. Du kan kaldheve snurrane viss det gjer livet ditt enklare, då lagar du deigen med kald væske, og let den heve kjøleg over natta. Så kan du gå rett på utrulling og steiking i middagstida.

Den raude pestoen kan du lage sjølv, det er ikkje vanskeleg. Kok opp 2 dl vatn, og legg 100 g soltørka tomatar oppi. La det koke i 10 minutt. Avkjøl, og ha både tomatar og vatn i ei matmølle med eit kvitløksfedd, ein neve fersk basilikum, 100 g pinjekjerner og 100 g riven parmesan. Køyr det glatt, og spe med ein god olivenolje til pestoen får ein fin konsistens.

1 Comment

  1. Snuffeldyret says

    Rød pesto var et godt tips. Jeg pleier å bake 4x snurrer og fryser ned til matpakkemat. Tar man de opp om morgene er det tinte til lunsj..og en sikker vinner i matboksen.

Leave a Reply