Billig mat, Italiensk mat, Middag, Pizza, Veggis
Leave a Comment

Lørdagspizza

Nei, eg har ikkje skifta målføre, men eg vart inspirert av ein gamal reklamesong eg høyrde her om dagen.

I går var det pizzakveld her hos oss, og eg lagde to variantar, som vanleg. Den “barnslege” skriv eg ikkje så mykje om, den var med tomatsaus, bresaola (italiensk speka oksekjøt) og litt grønsaker som vårløk og squash.

Vaksenpizzaen var ein variant av kvit pizza, sjølv om den eigentleg heller såg grøn ut då eg var ferdig. Eg brukte krydra rømme som saus, og så hadde eg på squash, soltørka tomatar, pesto og bresaola. Vi tok med oss eit dugeleg stykke frå Italia, og no har eg skore det i tynne skiver for å bruke som pålegg, i pizza og til andre gode greier.

Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du berre kjøtet. Den er deilig og smakfull sjølv utan det. Slik gjorde eg det:

Kvit pizza med bresaola og pesto

Pizzabotn til to pizzzaer:

4 dl vatn, lunka

1 ts tørrgjær

ca. 8 dl kveitemjøl

1 ts salt

2 ss olivenolje

Ha vatnet i ein bakebolle, og ha i mesteparten av mjølet og alt det andre. Elt det glatt, og ha i resten av mjølet til du har fått ein passe deig, ikkje for fast og ikkje for klissete og laus. La den heve i 40 minutt.

Fyll:

1,5 dl kesam eller lettrømme

1 ts urtesalt

1 squash

4 ss pesto

To vårløkstilkar

4 ss finhakka soltørka tomatar som er bløytte eller har lege i olje

50 g bresaola eller skinke, tynt skoren

tre nevar riven ost, ca. 150 g

Set omnen på 240 grader. Del deigen i to, og kjevle leivane ut tynt. Legg leiven på mjølstrødd bakeplate og stekk den i fasong. Bland kesam/rømme og urtesalt, og brei det ut over leiven med ein slikkepott. Kutt endane av squashen, og strimle den på langs med ein ostehøvel. Legg squashskivene på pizzaen. Stryk på pesto på kvar squashskive.

Finhakk vårløk, og dryss det på pizzaen saman med soltørka tomatar og eventuelt bresaola. Ha på osten, og steik pizzaen i 12 minutt på 240 grader.

Leave a Reply