Kan ein lage ein full middag i steikeovnen, utan å skitne til gryter og vispar? Ja, klart ein kan!
Det er praktisk å bruke steikovnen. Det blir mindre oppvask, maten står der utan behov for røring og visping, og medan du gjer andre ting vert maten ferdig heilt av seg sjølv.
Trikset for å lage fleire ting i steikeovnen samtidig er å bruke små former, og å steike kjøtet i steikepose, slik at det ikkje avgjev alt for mykje smak og aroma. I det siste har kjøt komt i butikkane der innpakninga er ein steikepose. Det er praktisk, sjølv om du kan oppnå det same med ein vanleg steikepose som du får kjøpt i butikken. Fordelen med steikepose er at all safta frå kjøtet blir i posen, den er med på å gjere kjøtet saftig og smakfullt, og det gjev grunnlag for ein førsteklasses saus.
Når eg lagar middag av seige kjøttypar brukar eg som regel å la kjøtet få lang tid i omnen, ved låg temperatur. Då får du mørt og saftig kjøt på same tid. Ulempa er sjølvsagt er at det tek tid. I ein travel kvardag passar ikkje det alltid inn. Med steikepose kan du bruke høgare temperatur, utan at at kjøtet vert tørt og kjedeleg. Oppskrifta du får her er tilpassa at du brukar din eigen steikepose, viss du kjøper steik i steikepose så droppar du berre krydringa sidan dei kjøtstykka som regel er krydra frå før. Slik gjer du det:
1,2-1,4 kg svinesteik utan bein
Ein steikepose
2 ts salt
1 ts peppar
1 ts tørka timian
Sett ovnen på 210 grader. Gni steika inn med salt, peppar og timian. Legg steika i steikeposen, og lukk igjen med klipsa som følgjer med. Legg steika i eit eldfast fat, og la den bake nederst i omnen i 60-70 minutt. Når du tek steika ut av ovnen så la den kvile i posen i eit kvarters tid.
Viss du vil ha saus til steika, så kok opp sjya som har samla seg i posen med ein pakke fløte eller creme fraiche. Smak til med noko søtt, til dømes litt rognebærgele, og noko sterkt, til dømes litt sennep.
Til steika serverer eg bakte rotfrukter, ein strålande sjanse til å få rydda opp i grønsaksskuffen. Her kan du bruke gulrøter, kålrot, selleri, pastinakk, poteter, søtpoteter, persillerot eller knutekål. Eg hadde poteter, gulrøtter og søtpotet, og det er ei smakfull og god blanding. Krydringa er tilfeldigvis den same som il steika. Slik gjer du det:
1 kg blanda rotfrukter i terningar
3 ss olivenolje
2 ts salt
1 ts peppar
2 ts tørka timian
Hell terningane i ein vid bolle, dryss over krydder og ringle over olivenolje. Vend det heile godt, slik at oljen og krydderet er godt fordelt over det heile. Fordel terningane utover eit bakepapir i ei langpanne. Når det er 35 minutt att av steiketida for kjøtet kan du sette inn langpanna høgt i ovnen.
Som ekstra tilbehør serverer eg bakte tomatar med roquefort. Eg elskar roquefort og andre blåmuggostar, og til den syrlege tomaten og dei milde bakte grønsakene passar dette perfekt smaksmessig. Desse tomatane er også gode til biff. Likar du ikkje blåmuggost kan du bruke kremost i staden.
Bakte tomatar med roquefort
Fire store tomatar
½ ts sukker
½ ts salt
1 ts tørka basilikum
¼ ts peppar
50 g roquefort eller ein annan blåmuggost
3 ss brødsmular/strøkavring
Set ovnen på 220 grader.
Del tomatane i to langs ekvator. Legg dei med snittflata opp på eit bakepapir på eit brett. Rør saman sukker, salt, basilikum og peppar, og dryss på snittflata.
Del opp osten i små terningar. Smuldre saman brødsmular eller strøkavring og osten i ein bolle. Legg ei spiseskei med osteblanding på kvar tomat. Har du ferske urter som timian, persille eller basilikum så kan du godt blande det i osteblandinga.
Bak tomatane på 220 grader til dei er gylne og fine, ca. 5-6 minutt.