Roma sett ovanfrå
Når ein er i ein ny by er det alltid fint å kome seg opp i høgda. Roma er forsåvidt ikkje heilt ny for meg, men sist eg var her var i 1988. Dermed er eg ikkje heilt oppdatert som guide. Vi tok banen til Barberini, derfrå er det ikkje så langt å gå til Fontana di Trevi, ein av «må»-plassane i Roma. Denne fantastiske veggen som Bernini utforma i marmor er alltid like imponerande å sjå, og sjølv om vi var der på ein mandag i november rundt lunchtider så var der stuvande fullt av folk. Men fontena er like imponerande som den gongen Anita Ekberg bada i den, trass i masse folk. Frå Fontana di Trevi er det ikkje så langt å gå til Spansketrappene, eit anna vanleg turistmål. På vegen dit byrja det å regne. Vi hamna på ein restaurant, men etter å ha sett menyen og prisane gjorde vi det som eg måtte bli 45 for å våge; vi reiste oss og gjekk. Vi gjekk ikkje lenger enn rundt hjørnet, men …