-fast på ett bra sätt, som svenskane seier. I går spiste vi brennande kjærleik til middag, det er alltid godt. Ein god, heimelaga potetmos med ei grønsaksrøre med skinke på er min brennande kjærleik.
Denne røra bar preg av at ting i kjøleskapet måtte spisast opp. Når du les dette sit vi nemleg på flyet til Roma, og skal vere der ei veke på vaksenferie. Macen er med, så eg kjem til å kome med stemningsrapportar frå den evige staden. Men først, slik lagde eg brennande kjærleik:
2 raude løkar
2 gulrøtter
Ein paprika
150 g skinke i strimlar
Smør/olje til steiking
Ein kvist timian
1/2 dl vatn
Salt og peppar
Tyttebær, rørte eller «single»
Skrell grønsakene og kutt dei i bitar. Varm opp ei steikepanne, og fres løken blank. Slå på vatnet. Ha i gulrotbitane, og la dei surre i nokre minutt til dei er møre. Ha i paprikabitane, og dryss over timian. Ha i skinka, og fres det heile til skinka og paprikaen er gjennomvarm. Smak til med salt og peppar.
Potetmos
4 store poteter
4 ss lettrømme
2 ss smør
Salt og peppar
Kok potetene møre. Mos potetene, eg brukar ei potetpresse, som ser ut som ei gigantisk kvitløkspresse, men ein stappar gjer same nytta. Rør inn smør, rømme og litt salt. Hald det varmt på plata, og smak eventuelt til med meir salt og peppar.
Legg opp potetmos på ein tallerken, og fordel grønsaksrøra over. Dryss over tyttebær, eller server med tyttebærsyltetøy.
Dette er ein klassisk skulekjøkken-rett som er svært populær! Oppskrifta vi brukar er ikkje heilt lik, men utgangspunktet og opplevinga er nok den same!
Eg har faktisk aldri laga eller smakt brennande kjærleik, matretten altså.
God tur til Roma! Ein flott by, og sikkert fint klima no.
Pingback: Ein svensk klassikar – sjømannsbiff « Alt godt