Fest, Fisk, Middag
Comments 2

Lakseterte


Eg hadde masse fine damer med nokre medfølgande fine menn på selskap for nokre veker sidan.

Då serverte eg ei lakseterte, og no har eg blitt utfordra til å hoste opp ei oppskrift. Det er ikkje så lett når ein ikkje tok notatar medan ein heldt på, men eg skal prøve. Lakseterta vart iallfall veldig god, og den holdt seg i fire dagar i kjøleskapet, då var den spist opp.

Dette er ein fin rett å servere på eit koldtbord eller ein buffé. Skal du ha skalldyrbord, men er uroleg for at ikkje alle vil ha skalldyr, kan denne terta passe godt som alternativ. Eg serverte den med rømme smakt til med litt urtesalt, men det er eigentleg unødvendig. Viss du vil kan du også vende inn lakserogn eller løyrom, eller du kan pynte den med det.

Lakseterte

200 g knekkebrød, grov type

75 g smør

400 g kremost, naturell

400 g røykelaks

3 dl lettrømme

8 plater gelatin

Ein bunt dill

Ein bunt grasløk

Ein liten, gul løk

To eggekviter

Salt og peppar

Knus knekkebrødet i ei matmølle. Smelt smøret, og rør inn i knekkebrødsmulane. Ta plata av ei rund springform på ca. 24 cm, og set ringen på det fatet du vil servere kaka på. Fyll i knekkebrødblandinga, og dytt den godt ut i kantane. Set det heile kaldt.

Ta unna ca. 100 g laks til pynting. Køyr resten av laksen i matmølla til den er smula opp, men ikkje heilt graut. Rør saman kremost og rømme, og tilsett laksen, finhakka løk og hakka dill. Smak til om det trengst salt og peppar.

Bløyt gelatinen i litt kaldt vatn til den vert mjuk. Smelt den i litt av bløytevatnet på låg varme. Bland den inn i ostemassen. Pisk eggekvitene stive, og vend dei forsiktig inn i ostemassen. Hell ostemassen oppå knekkebrødbotnen, og la det stivne over natta.

Skjer med ein kvass kniv langs kanten på forma, opn den og løft den av. Pynt kaka med tynne skiver røykt laks og hakka grasløk.

 

This entry was posted in: Fest, Fisk, Middag

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Iduns says

    Denne såg kjempegod ut til sånne fine damer som eg også kjenner nokon av – takk for oppskrifta!

    Likar

  2. Christin says

    Den var farlig god, den der, i tillegg til alt det andre vi spiste den lørdagen 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s