Noko søtt, Safting og sylting, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Krydra plommechutney


Då eg skreiv om moderne vilt her for ei stund sidan  foreslo eg at du skulle servere gryta med ein god plommechutney til.

I går såg eg korger med plommer i butikken, så kvifor ikkje lage ein deilig plommechutney no på førvinteren? Denne chutneyen kan du til dømes gi bort i julegåve. Den bør stå i fire veker før du byrjar å bruke den, så det passar heilt perfekt å lage chutney no i november.

Chutney varierer med kor søte dei er og kor krydra dei er. Denne er ganske syrleg og ganske krydra, og passar best til kraftige kjøtrettar. Den er mellom anna perfekt til juleribba. Legg ei skive kald ribbe i ei lefse, og smør på eit lag syrleg plommechutney før du rullar den saman og kosar deg med den. Mmmm!

Som vegetartilbehør kan du bruke chutneyen til ei god linsegryte, til dømes Dal bath. Har du ikkje konjakk i huset, så vert chutneyen god sjølv om du droppar den. Slik gjorde eg det:

Plommechutney

1.5 kg modne plommer

1/2 kg ferdig rensa eple, i bitar

2 fedd kvitløk

450g løk, finhakka

200g sultanarosiner, store, lyse

2 stjerneanis

4 kardemommekapslar

200g sukker

4 dl kvitvinseddik

salt og peppar

1 dl konjakk

Del plommene, og fjern steinane. Ha plommer, eplebitar, kvitløk, løk, sukker og rosiner samt krydderet og 3 dl av eddiken i ei gryte. La det koke i ein halvtime. Ha i konjakk og resten av eddiken, og la det koke ein halvtime til.

Fyll på reine, nykokte glas, sett på lok og avkjøl.

Éin kommentar

  1. Tilbakeping: Stem på meg, kjære lesarar! « Alt godt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s