Billig mat
Leave a Comment

Dei siste for i år?

I går var eg ein tur i skogen, og jammen fann eg ikkje botnen i korga mi dekt med traktkantarellar.

Det var nok til ein god porsjon med risotto, og i tillegg tørka eg eit brett i steikeovnen.

Når eg tørkar traktkantarellar så køyrer eg dei ofte i matmølla og lagar soppmjøl.

Det fell i smak hos barna mine, som ikkje har noko imot smaken av sopp, men dei vert kvalme av konsistensen.

For å lage soppmjøl må altså traktkantarellane tørkast først. Då legg eg rensa traktkantarellar på eit bakepapir på steikebrettet. Så set eg brettet i omnen på 40 grader med varmluft på. I omnsdøra set eg ei sleiv, slik at fukta slepp ut av omnen.  Slik får det stå over natta, og dagen etter har eg knusktørre traktkantarellar. Dei har minska betrakteleg i storleik, men er fulle av deilig smak.

Du kan oppbevare soppane heile og tørka, men eg brukar alltid å køyre ein del av porsjonen i matmølla til det er fint som mjøl. Eg gir bort glas med soppmjøl til jul og i vertinnegaver, det brukar å falle i smak. Ei skei med soppmjøl i gryta løftar smaken, og samstundes slepp barna mine å pille soppen ut. Eg surrar soppmjølet i smør, eg innbiller meg at det får fram smaken endå betre.

This entry was posted in: Billig mat

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply