Billig mat, Mat, Tilbehør
Comment 1

Meir scones


Eg fekk fleire søketreff på gunda grove scones i går, så no må eg ut med ei oppskrift på grove scones også.

Dei fine er gode, men ein føler seg litt sunnare og kanskje også mettare med grove scones i magen. Eit triks er å lære barna i huset å lage desse. På den måten kan du vakne til nybakte scones laurdag morgon. Eg er for barnearbeid, eigentleg. Særleg når det handlar om baking. Slik gjer du det:

Grove scones

5 dl surmjølk

50 g smør

1 ss bakepulver

1 ts salt

2 ts maltekstrakt

5 dl kveitemjøl

2,5-3 dl grovbakst eller sammalt kveite

2-3 ss av det du måtte ha av frø, eg brukte solsikkefrø, linfrø og sesamfrø.

Set steikeomnen på 220 grader. Bland saman alt det turre i ein romsleg bolle. Smuldre smøret inn i mjølblandinga. Rør inn surmjølka, bruk gjerne maskin til dette, utan å la den elte for lenge. Då hevar den ikkje så bra.

Form deigen som du vil. Du kan kjevle den ut og stikke ut runde, fine scones, eller du kan trille ut rundstykke. Sconesdeigen kan også kjevlast ut til ei rund kake, som du lagar snittespor i med ein skarp kniv inn mot midten, slik at når den har steikt ferdig kan du bryte snippane frå kvarandre.

Steik sconesa på 220 grader i 12-15 minutt, til dei er fint gyldne.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Tilbehør

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Éin kommentar

  1. Arild says

    Hei Gunda

    Jeg har lurt på scones i det siste, og prøver å finne noen som er lik Lie Nielsen sine (en konditor/baker i Bergen). De grove med høvlede mandler på toppen er ganske god, men ingen oppskrift jeg prøver ligner i det hele tatt. Heller ikke de lyse med rosiner. Det dummer er, Lie Nielsen holder oppskriften hemmelig!! Foreløpig er nå din oppskrift kopiert, limt og skrevet ut.

    Arild 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s