Grønt
Comments 7

Hagemessa – gratis billettar!


Som bloggar har eg fått to gratisbillettar til Hagemessa på Lillestrøm. Men eg er del av utstillarteamet til Hagegal, så eg treng dei ikkje!

Har du lyst til å gå? Einaste vilkåret eg set er at du kommenterer i denne posten, og fortel kvifor du har lyst til å dra på Hagemessa. Eg trekker blant dei som melder seg før eg står opp i morgon. Sleng deg på! 😀

(Bildet er lånt frå Hagegal.)

This entry was posted in: Grønt

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Eg kan ikkje kome på nokon annan eller betre god grunn til å dra dit enn at eg selde huset mitt med ein stor hage eg hadde laga sjølv frå grunnen av gjennom monge år i Myrvåg, på seinhausten i fjor for å kome nærare familia mi, og no leiger eg leilegheit på Austlandet i ei privateigd blokk der det ikkje liknar grisen rundt veggane ute, så eg har lyst til å sjå hagar og lade opp til å “starte eige” att. Her er traurigt å sjå ut av vindauga. Elles var eg med i styret i det lokale hagelaget i Herøy i monge år tilsaman, og var med på å lage til Jacobsenhagen i Fosnavåg frå grunnen av på nytt for nokre år sidan. Du finn bilete frå opningsdagen der på profilen min om det har noko å si for kandidaturet. Eg reknar med det er svært uprofft av meg å nemne at eg synst du har trivelege foreldre (eg har både hatt eit godt samarbeid med ho Karin i ymse samanhangar og vore med på busstur med jobben min der han Andreas har vore sjåfør og guide), og at eg har fått med meg at du har laga ei flott kokebok med kvardagsmat. 🙂 -Skitt, der rauk nok dei billettane, ein favoriserar ikkje sleipe Sunnmøringar? Om eg likevel endar opp i ein “tvils-haug”, kan du godt spørre ho Bibbi eller ho Aud om meg, dei kjenner meg brukbart godt; eg ser vi har felles vener på fb. Og eg er i grunnen Austlending av fødsel, men har konvertert til Sunnmøring gjennom lang erfaring og oppveksta til ungane mine. Og eg lengtar attende. 🙂

    Likar

  2. Eirunn says

    I år står jeg ikke på hagegal-stand, men vil likevel gjerne ta en tur og hilse på.gamle kjente og titte rundt på herlighetene.

    Likar

  3. Anne Runningen says

    Er sikkert for sent ute, men prøver allikevel. Kommer nok uansett til å bruke altfor mye penger på hagemessen(som vanlig), så gratis inngangsbillett sier jeg ikke nei takk til :))

    Likar

  4. Hups! Eg har ikkje sove så lenge, altså, eg har rydda i huset, fiksa og ordna til gjestar i kveld, og så gløymde eg reint at eg hadde konkurranse i bloggen. Lisbeth og Eirun vann gratisbillett, eg sender mail!

    Likar

  5. Har en stor hage og elsker å prøve noe nytt hvert år… og har lyst å ta med en venninne som ønsker seg drivhus… Da er hagemesse en bra sted å begynne… gratis billett blir da flere blomster på vei hjem… Kanskje finner jeg drømmeplante… hvit martagonlilje…:o)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s