Middag, Veggis
Comments 3

Ostemuffins


Denne oppskrifta fekk eg hos ei venninne, og har hatt den slengande rundt på kjøkkenet på ein gul lapp i månadsvis. Det står ikkje ein gong på lappen kva oppskrifta er til, kvar gong eg fann den har eg måtta tenkt tilbake; kva var det der no igjen?

Men i helga skjedde det, då tok eg meg på tak og bakte ostemuffins. Ostemuffins er gode åleine, men dei passar og godt til ei varm suppe. Du kan variere kva type ost du brukar, dette er ein fin måte å bruke opp osterestar på. Eg blandar gjerne vanleg gulost, jarlsberg, parmesan, pecorino og manchego, alt etter kva eg har i kjøleskapet. Dess meir smaksrik ost, dess meir interessant smak vert det på ostemuffinsane.

Desse muffinsane er også veldig gode til eit glas vin viss du får overraskande besøk ein kveld. Lag dei i små former, og steik dei litt kortare og med litt høgare temperatur. Steiketida under er tilpassa relativt store former. Har du ikkje kesam kan du bruke rømme i ulike variantar. Slik gjer du det:

Ostemuffins

250 g kveitemjøl

200 g ost

4 egg

1 ss bakepulver

1 ts salt

2 ts paprikapulver

1 beger kesam

Litt ekstra ost til pynt

Set steikeomnen på 175 grader. Knekk egga i bakebollen, og ha i kesam og riven ost. Bland saman. Bland alt det turre i ei skål, og vend det inn i eggeblandinga.

Set muffinsformer på eit steikebrett. Fordel muffinsrøra i formene, dei skal vere ca. halvvegs fulle. Dryss på litt ekstra ost på toppen, eller du kan drysse på litt ekstra paprikapulver, det gir fin farge. Bak muffinsa på 175 grader i ca. 25 minutt. Denne porsjonen gir ca. 16 store muffins.

This entry was posted in: Middag, Veggis

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Lage nettopp en lavkarbovariant av disse, inspirert av din oppskrift og det jeg hadde tilgjengelig (vi snakker for eksempel 10 eggehviter i stedet for 4 egg, 1/3 beger rømme i stedet for 1 beger kesam, og 50/50 mandelmel og Iduns karbolett i stedet for hvetemel). Ganske gode, men satt fast i muffinsformene. Note to self: Smøre muffinsformene neste gang:-)

    Likar

  2. Disse her fikk jeg i dag som tilbehør hos mamman min, hun er veldig inspirert av deg, må bare si det. Jeg skryter av hvor kreativ hun er blitt og hvor mye hun lager selv, og nå har jeg jammen funnet kilden til alle disse oppskriftene! 😀

    Likar

  3. Ann-Kristin: Du kan også bruke silikonformer, då slepper dei innmaten betre.

    Veslemøy: Hehe, så hyggeleg å kunne inspirere!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s