Billig mat, Bokprosjekt
Comments 6

Den grå juvelen


Eg heldt eit kåseri på laurdag på ein strålande fin fest der ekte, sunnmørsk raspeball vart servert. Det har kome nokre oppmodingar om at eg bør publisere det i bloggen, og eg er ikkje vond å be, så difor kjem det her:

Andektige sit vi og betraktar tallerknane våre, dette unike vestlandske mateventyret som vekkjer heimlengten sjølv i Oslobuarar på tredevte året.

Sjølv om vi i kveld feirar og hyllar raspeballen så finst det utruleg mange variantar av ball, sjølv om ein berre ser på dei næraste fylka rundt oss.

I Møre og Romsdal får du servert potetball eller raspeball, gjerne med rabbe (kålrot, kålrabi), saltkjøt eller pølse og smelta smør. På Nordmøre og i Romsdal får du gjerne blandaball, der potetmassen er blanda med fiskefarse.

Du kan også få saltfiskball eller grovfiskball, som er laga av tørrfisk eller klippfisk. I Trøndelag får du ofte klubb.

I Sogn og Fjordane får du servert raspekake med svine- og saueknokar, dette er tradisjonsmat på ”fotatorsdag”, skjærtorsdag.

På sørlandet  får du kompe, her må væske pressast ut av dei rivne potetene før ein lagar røra ferdig. Når du nærmar deg Stavanger skiftar ballen namn til komle, og du kan til og med få komlesteik. Du tek ballrøra og fyller i ei langpanne, legg på bacon og bakar ballen i omnen, så og seie.

I Breim kan du få kleppsuppe eller klempesupe, små ballar kokt i mjølk som er sukra, og vert servert med ekstra sukker og kanel. På Åheim har eg fått servert kjøtt i påsse. Der tek du ballrøra i ein tøypose, og senkar den ned i ei gryte med salt fårekjøt som har kokt i fleire timar først. Etter eit par timar til kan du då få eit digert stykke ball som du skjer i skiver og serverer til fårekjøtet. Men det som verre er: du kan få både sildeball, rognball og det endå kvalmare fenomenet kams. Kamsen vert laga med lever, og smakar pyton, spør du meg.

Så då er det tid for mi første tilståing: Eg er ei matpyse. Eg åt sursild ein gong, då var eg fire år. Einaste grunnen til at eg åt det var at det var favorittonkelen min som ga meg det. Han er nordmøring, og eg var veldig imponert over at han hadde eit diplom hengande på kjøkkenveggen som han var tildelt ”for oveting av blandaball”. Det var altså første og siste gong eg åt sild. Eg har ete makrell ein gong, det var på Bølgen og Moi. Det var til å leve med, men eg har framleis mareritt om lukta av steikt makrell som møtte oss i trappa når vi kom heim frå skulen. Då visste eg at det vart havregrynssuppe på meg til middag. Og ostesmørbrød til kvelds, heldigvis.

Men når det var ball til middag derimot, då var lukka gjort. Det var enklaste sort, med smelta margarin og kokt rabbe. Sjølv om mor mi kjem frå Målselv så var ho kjapp med å lære seg å lage god ball. Ved heilt spesielle høve vart ballen servert med brudavollmôr, elles var det kjøtpølser frå Gilde, rabbe og mykje smelta Per Margarin.

Finst Per margarin lenger, forresten? Eg vaks opp med ein smørsmeltar med per Margarin i på sida av komfyren. Det var berre dei fine som brukte melange, det var det han Sverre Worren som selte på Leikong. På samvirkelaget hadde dei Per margarin, som kom i desse lange eskene med fem kilo i kvar. Mor mi lagra øskja på spiskammerset, og ho hadde ein plastboks som passa perfekt til ein klepp margarin, som ho kalte det. Smør var sjelden vare, vi hadde det snautt rundt jul.

Men tilbake til ballen. Er den så spesiell, denne ballen? Er den berre vår?

Svenskane har sin palt. Alle som kan sin Emil i Lönneberga har lært om palten til Mor Alma lagar blodpalt når dei har slakta gris, og ulykkelege Emil klarer å velte paltrøra over far sin som ligg og søv førmiddagsluren sin i sengebenken på kjøkkenet.

Men i Nord-Sverige er det potetpalt som er det vanlege. Pitepalt, frå Piteå, er laga med potet, og vert servert med tyttebærsyltetøy og smelta smør. I dei sørlege delane av Norrland kallar dei det kams, og det kan vere flatkams, fetkams eller skedkams, alt etter form og innhald.

I Sør-Sverige treff ein på dei flate, ekle kroppkakene. Det er nok mi personlege meining, dette med at dei er ekle, men dei fyller altså ballen med løk saman med flesket, og krydrar med nellik og allehånde. Det er så feil som det kan få blitt. Sjelden har eg blitt så skuffa som då eg på Gotland fekk servert det som så forførerisk såg ut som potetball, men som smakte som fårerull. Fæle greier.

Svenskane, akkurat som trønderane, grisar ballen til med søte sausar med prim og slikt.  For oss sunnmøringar så liknar det mest ein formastelse å servere ball som noko søtt, men det er jo eit sørgeleg faktum at ein ikkje skal langt avgarde før ein får ball med sirup, riven brunost, brunostduppe eller til og med sukker og kanel. Eg blir kvalm.

 Du finn også ball og variantar av ball lenger ut i Europa. Litauen har potetball som nasjonalrett, dei kallar det cepalinai. Den vert servert med rømmesaus og bacon. Namnet kjem av den zeppelineraktige forma dei lagar ballen i. Dess lenger vest i Litauen du kjem, dess større vert ballane, seiest det.

I Tyskland får du servert klöse eller knödel er tyskerane sitt svar på potetball. Du får dei laga både med mjøl, brødsmular, eller slik vi kjenner det, med riven, rå potet. Meine Berliner mutti, ei venninne av mor mi som reknar seg som mi mor når eg er i Berlin, serverer alltid klösse når vi kjem, gjerne saman med salt svinekjøt eller gode pølser.  Ho har også servert oss søte potetknödeln til dessert, med ei sviske i midten, kokt i sukra mjølk.

I heile aust- og mellom-Europa finn du ulike variantar av raspa potet blanda med mjøl og kokt i kraft eller mjølk. I Italia kan du kose deg med gnocchi, det er eigentleg berre ein variant over same tema: Poteter, rå eller kokte, blanda med mjøl og krydra med berre salt, viss du er heldig.

Tilbehøret og serveringsmåten varierer, men vi elskar alle mest den ballen vi vaks opp med, som vi lengta etter då vi sprang oppetter trappa med sekken på ryggen, når vi kjende lukta av ball.

Men oveting har eg klart å halde meg unna, sjølv om eg har ein onkel som har diplom i oveting. Då er det verre med han fyren uti Dimna som eg fekk høyre om. Kjerringa hass skulle på sjukehus, og for å vere sikker på at han åt middag kvar dag kokte ho ei panne ball søndagskvelden. Mandag for ho på sjukehuset, og då ho kom heimatt på fredag møtte mannen hennar henne med denne helsinga: No var det godt du kom heim att, kjæring, eg er heilt hårlause i raua ta all dinnja ballen.

Velsigna måltid.

This entry was posted in: Billig mat, Bokprosjekt

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Ho-ho, ja. Stjerner i øya på faren min, når grandtante Margit kom og disket opp med klubb (fleskedott i midten). Fra området Øst-Telemark/Buskerud/indre Vestfold. Mamma fra Finnmark laget ikke slikt, og skånet oss barna fra å smake (!)

    Neste gang jeg ble snytt for «herlighetene» var da jeg møtte fire venner som hadde kommet dagen før til en campingplass i Mandal. Da jeg ankom lå de alle rett ut, gråaktige i fjeset. De hadde hatt kumlefest, og forspist seg. Ikke en smule igjen til meg.

    Siden har det liksom ikke blitt noe. Er nok for matpysete til å prøve selv…

    Likar

  2. solveig says

    Eg forstod de hadde hatt det kjekt!

    Mi farmor i Sogn laga den beste baljen, den med det beste tilbehøret: Kjøt, flesk, rabbe og ertesuppe …

    Likar

  3. Fantastisk kåseri, som jeg dessverre ikke fikk hørt da det gikk. (NRK1 kommer ikke inn på radioen min før jeg evt kjøper meg dab-radio, fordi jeg bor slik til at ingen sendere får signal inn i kroken der jeg bor 😦 ) Veldig glad du publiserte!

    Likar

  4. Ingrid Geithus says

    Komle/Auka er toppmat her, serleg med svineknokar ! Og so vil eg slå eitt slag for kamsen det er ikkje kamsen si skuld att somme ikkje har smak på sjømat-lever og rogn,men overfloda som held oss frå å smake nye (gamle) rettar

    Likar

  5. Skikkelig bra kåseri, Gunda!

    Kams vet jeg at jeg smakte et par ganger da jeg var lita, og så vidt jeg vet, så likte jeg det. Men jeg elsker jo både lever og rogn – og sild 😉 Makrell er heller ikke verst.

    Hjemme på indre Sunnmøre hadde vi saltkjøtt, pølse, kålrabi, gulrot og kokt potet til ballen. Og vi drakk surmelk til. Her på Sørlandet er de ikke riktig kloke. Her får man en diger kompe på tallerkenen, og så spiser man det med sukker/sirup og smør (eller helst margarin, tror jeg – grøss!) – og ikke noe mer tilbehør. Men det er gjerne en skikkelig svineknokebit inni.

    Jeg har enda ikke lært meg å lage ball/kompe, men det skal man. Man må jo kunne slikt!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s