Bokprosjekt, Jul
Comment 1

Ein liten førjulsturné!

I helga skal eg på ein liten førjulsturné på Sunnmøre! Er du der vonar eg at vi møtast.

På laurdag føremiddag møter du meg på Norli på Moa. Der syltar eg og signerer bøker frå elleve til eitt. Så dreg eg avgarde til Larsnes og Sandemessa. Der finn du meg på standen til Eiken Libris, og utpå ettermiddagen stikk eg ned på skulekjøkkenet og syltar der og. I fjor lagde eg lakserullar, men i år vert det altså heimelaga julegåver som er temaet.

Det er også temaet på Brudavolltunet i Ørsta på søndag. Min medbloggar Heidi har teke over som dagleg leiar på Brudavolltunet, og der lagar vi i stand juleverkstad søndag klokka 13:30. Det kostar ein femtilapp å kome inn, men då ordnar vi med materiell til ein strålande flott juleverkstad der du får vere med å lage julekort, julegåvelappar, syltetøy, kanskje ein god eddik, vi skal lage fuglebollar og opptenningsrullar og mykje anna morosamt. Det trur eg blir ein strålande fin dag.

Så vil du bli med på førjulsmoro med meg denne helga, er Sunnmøre plassen å vere! 🙂

This entry was posted in: Bokprosjekt, Jul

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. tante Annfrid says

    Hei, tittar ofte på bloggen din, men er ikkje så interessert i matoppskrifter og ikkje forgløyme å lage maten slik som du gjer. Men juleverksted er moro. Det har eg hatt på kjøkkenet mitt i alle år. Men no har eg trappa ned til berre Nora 8, Linnea snart 7 og ein nabogut på 8 som har laga julestrømpe på kjøkkenet mitt og fått brukt mi nye symaskin. Dei var så glade då dei gjekk heim fredag 30.nov. som om eg hadde gitt dei 1 mill!!!

Leave a Reply