Billig mat, Bokprosjekt
Comment 1

Eg treng hjelp! No i helga!

Og då er eg i Stjørdal, så ting må skje der oppe. Greia er at Gunda og Gunda lagar kokebok igjen. Denne gongen handlar det om ball! Alle sortar ball, raspeball, klubb, klot, risk og alt mogeleg anna som folk rundt om i verda lagar av potet, mjøl og salt.

Men Gunda og eg klarer ikkje å lage all denne ballen sjølve. Så dersom du er i Stjørdal eller omegn treng vi hjelp av deg. Oppgåva vi gir deg er å lage ei balloppskrift som du får frå oss. Så kan du kome og levere den hos Gunda enten torsdag, fredag eller laurdag, slik at vi kan fotografere din ball.

Vi er ikkje rike, men premien du får frå oss er ei gratis ballbok signert av oss begge Gundaene når den kjem frå trykkeriet. Vi treng ikkje store porsjonar, viss du fyller ei isboks er det nok til oss. Resten kan du servere til familien din.

Viss du syns dette er vel verd å bruke tida di på, så send meg ein e-post, så får du oppskrift frå meg. Og så sjåast vi i løpet av helga. På førehand tusen takk! 🙂

This entry was posted in: Billig mat, Bokprosjekt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply