All posts filed under: Bokprosjekt

Varm om hjarta

Når ein stiller seg lageleg til for hogg slik eg gjer kan ein ofte bli usikker på om det er noko poeng, dette ein held på med. Eg har hatt mine tankar om stormannsgalskapen det er å gi ut bøker og faktisk tru at nokon vil lese dei, eller at akkurat mi bok skal gjere ein skilnad. Men av og til får eg tilbakemeldingar som verkeleg varmar, og som gjer at eg tenker at det faktisk er eit poeng med dette eg driv med. I går fekk eg ein mail frå ein lesar, som eg har fått lov til å attgje her i bloggen. Den gjorde meg så utruleg glad og stolt. Takk, Ingrid! Hei!  Til jul fikk vi boka “Smalhans” av svigermor – og far, siden vi da akkurat hadde gjort vårt største kjøp noensinne, en enebolig. Dette medførte en ganske så annen økonomi, og dèt i tillegg til å gå i barselpermisjon i januar med 80% dekningsgrad, sier det seg selv at det ble smale tider. Det er det forsåvidt enda. Slik er det …

Snart er den her!

No er den like rundt hjørnet! Den neste boka mi, Sylting og safting heile året, er til siste korrektur medan du les dette, og om alt klaffar så er den i butikkane i løpet av april! Flinke og fine GundaM har teke fantastiske bilde, så boka er verd pengane berre for å sjå dei. Å arbeide med henne er ei fryd, men det har eg sagt mange gongar no, så det veit du jo. Eg kjem nok til å ha signering og utsending gjennom bloggen denne gongen, men først må trykkarane gjere jobben sin. Gunda og eg held pusten! 🙂

Nesten ikkje til stades…

Det skjer mykje for tida. Ringen medfører bryllupsplanar, jobben krev sitt og manus til saft- og sylteboka skal innleverast. Difor er det litt stille i bloggen min akkurat no, eg vonar de er tolmodige og kjem tilbake likevel! I mellomtida kan du kose deg med dette bildet frå hagen min. Er ikkje desse sildrene søte?

I Hannes kjøkken

Det var utruleg kjekt å vere med på Førkveld i går. Hanne Frosta, som driv restauranten Hanne på Høyden på Nygårdshøyden i Bergen tok hand om meg på beste vis. Ho er så proff! Sjølv om eg prata i veg så handterte ho det heile med stø hand, og sytte for at vi kom i mål slik vi skulle. Eg vart på toppen av det heile sminka av den flinkaste sminkedama eg nokon gong har støtt på; Gerd Karin. Ho har ei utruleg imponerande merittliste, den “gildaste” autografen ho hadde på veggen var frå Bing Crosby, slå den! Suppa som Hanne og eg lagde var omtrent slik: Hannes kortreiste kyllingsuppe 4 kyllinglår 2 gulrøtter 1 paprika 2 eple 2 stilkar stangselleri 1 stor løk og 1 liten 1 kvist rosmarin 3 kvistar timian 1 ss ramsløkpuré eller 1 fedd kvitløk 1 boks tomatar, knuste 2 ts honning Salt og peppar Skyll kyllinglåra, og ha dei i ei gryte saman med ein løk samt avskjer/skrell av grønsakene. La dette trekke i 90 minutt. Ta ut låra …

Ein heilt alminneleg torsdag

Ingenting spesielt skulle skje, bortsett frå at forlaget som har utgitt boka mi inviterte til pølsefest. Trettenåringen hadde ingenting å finne på, så han blei ganske enkelt med. Han fekk flaxlodd som han vann på i bursdagsgåve, og då kunne vi samstundes hente ut gevinsten i ein kiosk, det må ein vaksen gjere. To fluger i ein smekk, så og seie. Han var nok skeptisk til å bli med på fest, men samarbeidsvillig som han er vart han med likevel. Ikkje før hadde vi kome innfor døra før vi møtte kjende fjes. Og det aller kjendaste var Odd Nordstoga, som sto i ei krå og prata med nokon. Ei ekte kjendisoppleving, altså. Kvelden var redda. Vi henta drikke, og gjekk for å finne pølsene, som var førsteklasses pølser frå Strøm-Larsen i alle fasongar og variantar med godt tilbehør. I sofakroken der vi sette oss var det plass til ein til, og plutseleg kom musikanten og sette seg der! Dermed fekk trettenåringen slå av ein prat med helten sin som han har lytta til heilt sidan …

Ikkje så mykje å seie…

I dag er det litt tomt oppe i hovudet mitt, så det kjem ikkje så mange glupe tankar frå meg. Eg vil berre minne deg om dette. Du kan altså bestille signerte eksemplar av Smalhans frå Samlaget. Enkelt og greitt, forlaget betalar portoen og du må berre hente pakken på posten. Så er julegåvene i boks! Eg ynskjer deg ein fin laurdag. 🙂

Smalhans i julegåve – signert!

Eg jobbar med å få Samlaget med på å få til ein julesigneringsrunde i bloggen. Var ikkje det ein god idé? Det gjer at alle dokke blogglesarane mine kan få så mange signerte eksemplar av Smalhans som dokke har lyst på! Vi gjer det på same måte som før: Send mail til e.nome@samlaget.no, og fortel kor mange bøker du vil ha, og om eg skal skrive til ein bestemt person inni. Så stikk eg ein tur nedom Samlaget, og skriv inni alle bøkene, og så vert dei sendt utover det ganske land. Skund deg, Samlaget vil ha inn alle julebestillingar innan 3. desember, så det er definitivt siste frist. Prisen er framleis 299 per bok, og eg trur ganske sikkert at forlaget byr på portoen denne gongen og. Så hiv deg rundt og send ein mail viss du planlegg å gi bort Smalhans i julegåve!

Smalhans på tur!

No reiser eg på Smalhans-tur til vestlandet, og gler meg til å møte blogglesarar og potensielle nye lesarar. Du treff meg i Fosnavåg i ettermiddag, frå 15:30 signerer eg bøker og lagar fingermat på Vestvang bokhandel i Fosnavåg sentrum. I morgon skal eg vere på Sandemessa på Larsnes, der treff du meg på eit skulekjøkken der eg skal lage mat og snakke om alt som har med Smalhans å gjere. Det vert sjølvsagt smaksprøver der og. Søndag skal eg til Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Der skal eg lage Smalhans-mat saman med Milan, som bestyrer kjøkkenet der. Dette skal serverast til besøkande frå klokka to, og klokka fire vert det ein ny runde med Smalhans-prat og litt fingermat i auditoriet. Er du i nærleiken, vil eg veldig gjerne møte deg! Kom, smak og slå av ein prat. Som du veit, noko av det beste eg veit er å møte blogglesarane. Vel møtt!

Er du ein syltar?

Som du sikkert har fått med deg held eg på å lage ei sylte- og saftebok. Eg driv og jobbar med fagstoffet i denne boka, og kjenner at eg kjem til kort. Det er ikkje det at eg ikkje har sylta nok i mitt liv, men eg kjenner at eg treng litt tankar og innspel frå andre erfarne syltarar. Det finst mange sylteprodukt, syltepulver, frysepulver, fruktpektin, atamon, sitronsyre, askorbinsyre, tvekullsurt natron og juneimit. Eg har vore litt sløv, berre kjøpt det som eg først fann i butikken, og laga i veg. Eg har ikkje samanlikna dei ulike sylteprodukta for å finne ut kva som er best og kva som fungerer dårleg. Det kan hende at nokre produkt gir bismak, det kan hende at det eine gir fastare syltetøy enn det andre og så vidare. Slikt har eg vore sløv med å notere meg. Difor lurer eg på om du har innspel til kva tips eg bør ta med i boka mi om dette. Bør ein fryse eller sylte? Kan ein lage syltetøy med pektin? Korleis …

Ny sunnmørsturné!

Ja, no held Samlaget og eg på å legge planar for ein ny runde på Sunnmøre for å signere bøker og heie Smalhans ut i butikkane og under juletrea. Dette skjer helga 18.-20. november, men no har eg akkurat fått beskjed om at det vert bokhandlartreff i Ålesund torsdag kveld, så då møter eg sjølvsagt opp dagen før. Fredag skal eg uttil Herøy vidaregåande skule, og lage mat saman med flinkisane som går på kokkelinja der. Så jobbar vi for å få til ei signering på ein bokhandel i Fosnavåg sidan eg likevel er der, og sidan det er ein strålande fin plass. Laurdag skal eg lage haloi på skulekjøkkenet på Larsnes, der vert det ope skulekjøkken med smaksprøver, og kanskje får nokre lov til å prøve seg som assistentar og. Laurdag kveld har vi nokre idéar, men vi er ikkje heilt i boks enno. Søndag ettermiddag, i tretida, tenker eg, er det presentasjon av Smalhans på Aasen-tunet i Hovdebygda. Der blir det også smaksprøver og anna matmoro. Etter meg kjem Arnhild Skre og skal …

Og vinnaren er…

Eg hadde eigentleg satt påmeldingsfristen til onsdag ved midnatt. Men så plukka forlaget opp at eg hadde laga konkurranse, og så vart det plutseleg fleire deltakarar som meldte seg på. Då vart eg nøydd til å gjennomføre eit jurymøte med meg sjølv, og fann ut at eg lot etterslengarane vere med i trekninga. Men då eg gjekk inn på http://www.random.org så valde den automatiske tallgeneratoren talet to. På andreplass på mi liste sto Lise! Så Lise er vinnaren av av boka Frie kaker. Gratulerer! Eg legg ved skjermdump som dokumentasjon.

Har du grøne tomatar? Er dei i Trøndelag?

Gundaene lagar safte- og syltebok, og denne helga skal vi lage og fotografere haust- og vintergreiene. Men vi må ha grøne tomatar! Har du tomatplantar som ikkje har rukke å kome i mål med saftige, søte, raude tomatar? I så fall vil vi veldig gjerne ha dei, og sylte dei og lage marmelade av dei. Har du, eller veit du om nokon som har, så sei frå! Vi hentar. 🙂

Ny tur til GundaM

I kveld set eg meg på Trondheimsflyet for å reise opp til GundaM. Denne gongen skal vi lage saft og syltetøy med haust- og vinterfrukter, epler, plommer, alt av sitrus, eksotisk frukt og masse deilig. Eg gler meg! Vi kryssar fingrane for at veret held seg på den lyse sida. Ifølge yr.no er det faktisk von om sol, så eg trur det skal bli godt fotovér. Det viktigaste er at det ikkje pøsregnar. Kryss fingrane for oss, så skal vi gjere vårt beste for å få fine bilde og deilig syltetøy!

Ny bok (og ny tittelkonkurranse), folkens!

Eg har tidlegare nemnt at GundaM og eg jobbar med eit nytt bokprosjekt. Men vi har eit problem: Vi manglar tittel! Og der kjem du inn i bildet, som les bloggen min. Eg treng gode forslag til ein boktittel til ei bok som skal handle om safting og sylting. Vi syltar og saftar tradisjonelt og moderne, med og utan krydder og med spennande kombinasjonar. I tillegg er bodskapen i boka at ein må ikkje sylte og safte som om det var Store Norske ein lagde til. Små porsjonar gjelds også. Eg er også oppteken av at ein skal kunne safte og sylte heile året. Det er så mykje godt i butikkane året rundt at safting og sylting må ikkje skje i to hektiske månader i august og september. Ein idé eg har jobba med er Haustetid  – heile året. Men eg er ikkje heilt frelst. Ordet grøde er også aktuelt å bruke, men eg veit ikkje heilt på kva måte. Så difor spør eg deg: Kva vil du foreslå at vi kallar boka mi? Kom …

Siste påminning!

Du kan framleis bestille ei signert utgåve av smalhans som vert sendt ut frå forlaget på førstkommande onsdag. Viss du vil ha ei slik bok går du inn her, og følgjer instruksane. For at forlaget skal få bestilt nok bøker i tide, må dei ha bestillingane innan klokka to i ettermiddag. Så kast deg rundt viss du ikkje allereie har bestilt. Du finn også boka i dei fleste bokhandlar, men dei er utan min signatur. 🙂