Ein runde til!
Det kjem altså framleis inn bestillingar på Smalhans. Eg må altså ha ny signeringsrunde. Det skal eg klare, men eg må berre advare dokke: Eg skriv som ein gris. Dette er ikkje formskrift, altså. Men om du vil ha ei Smalhans-bok med mine kråketær i, så gjeld altså framleis instruksen: Send ein mail til e.nome@samlaget.no, vil du at eg skal skrive noko spesielt så skriv det, har du ingen spesifikke ønske så skriv eg ei helsing frå eige hovud. Ja, og så må du skrive ditt eige fulle namn og adresse. Forlaget byr på frakta, så på fakturaen kjem det til å stå 299,- per bok. Det blir nok eit signeringsbesøk ned til Samlaget i midten av neste veke, så då veit du kva tid du har på deg. Takk! 🙂