Det var utruleg kjekt å vere med på Førkveld i går.
Hanne Frosta, som driv restauranten Hanne på Høyden på Nygårdshøyden i Bergen tok hand om meg på beste vis. Ho er så proff! Sjølv om eg prata i veg så handterte ho det heile med stø hand, og sytte for at vi kom i mål slik vi skulle.
Eg vart på toppen av det heile sminka av den flinkaste sminkedama eg nokon gong har støtt på; Gerd Karin.
Ho har ei utruleg imponerande merittliste, den “gildaste” autografen ho hadde på veggen var frå Bing Crosby, slå den!
Suppa som Hanne og eg lagde var omtrent slik:
Hannes kortreiste kyllingsuppe
2 gulrøtter
1 paprika
2 eple
2 stilkar stangselleri
1 stor løk og 1 liten
1 kvist rosmarin
3 kvistar timian
1 ss ramsløkpuré eller 1 fedd kvitløk
1 boks tomatar, knuste
2 ts honning
Salt og peppar
Skyll kyllinglåra, og ha dei i ei gryte saman med ein løk samt avskjer/skrell av grønsakene. La dette trekke i 90 minutt. Ta ut låra og la dei kolne. Sil frå krafta, og kast grønsakene.
Rens og kutt fint løk, gulrøtter, paprika, eple og stangselleri. Fres dette i olje i nokre minutt. Slå på krafta og tomatane. La det heile koke til grønsakene er nesten møre. Rens kyllingen og del kjøtet i suppebitar. Smak til med ramsløkpuré, honning, salt og peppar. Ha kyllingen tilbake i gryta og gi det heile eit raskt oppkok.
Bilde av suppa? Det rakk eg ikkje å ta. Eg måtte springe for å rekke flyet! 🙂
Edit: 816789
Yummie! Gleder meg til å se nett-tv etterhvert 😀
Pingback: For oss som ikke er fullt så proffe… | hildegoghagen