Billig mat, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Comment 1

Verdens beste bjørnebærmuffins

I dag serverer vi verdens beste og enklaste muffins.

Bjornebar2Eg er så heldig at eg har bjørnebær i hagen. Det er ein fantastisk busk, som gjev enorm avling viss den får stå i eit lunt hjørne og vekse fritt. Gå til eit hagesenter og kjøp tornefrie bjørnebærbusker, så har du til snop og dessert og gode kaker heile hausten. Dei modnar ganske seint, men det er jo deilig å strekke bærsesongen litt, i staden for å stresse heim frå ferie for å rekke å plukke bringebæra før dei rotnar.

Muffinsoppskrifta mi er så enkel at ungane mine lagar den med ei hand på ryggen. Inga pisking av smør og sukker kvitt, ikkje ein gong eggedosis treng du å lage så lenge du har huska å sette smøret fram på benken nokre timar før du skal bake. Er smøret hardt, bør du smelte det forsiktig i ei gryte.

For meg er dette opprinneleg eplekakeoppskrifta til mor mi, men seinare har eg funne den i mange kakebøker, så eg trur den er ganske universell. Men det viktigaste er likevel at muffinsane smakar himmelsk, kakedeigen kan brukast til ”alt”, og kakene blir alltid vellykka. Husk at det er eit hav av forskjell på om du brukar ordentleg smør framfor margarin i desse kakene.

Sist eg lagde desse utløyste eg faktisk ein ekteskapeleg disputt ute på plenen. Eg lagde muffinsa saman med guten min, og to av vennane hans. Vi var einige om at det var hyggeleg å spise dei ute, sidan sola skein. Foreldra til den eine kom forbi, og eg baud på ein muffins. «Dette er den beste muffinsen eg har smakt i mitt liv», kom det ut av munnen på han før han fekk tenkt seg om. Kona, som sto og betrakta det heile, vart dødeleg fornærma, det hadde han tydelegvis ikkje sagt om hennar muffins. Så moralen er: Vil du gjere mannen din (eller kona di!) glad så bruk denne oppskrifta! Slik gjer du det:

Muffins 1Deilige bjørnebærmuffins
250 g mjukt smør
250 g sukker
250 g kveitemjøl
4 egg
2 ts bakepulver
3/4 dl mjølk

Sett omnen på 200 grader. Ha bakepulveret i mjølet, og bland det godt. Ha alle ingrediensane i ein bolle, og køyr røra glatt med ein handmiksar. Ha i mjølka til slutt. Er smøret ditt hardt, kan du smelte det, la det kolne litt og helle det i røra medan du miksar. Du kan også bruke flytande margarin/Bremykt på flaske. Bruk store muffinsformer, og legg ei toppa spiseskei med røre i kvar form. Eg får vanlegvis ca. 20 muffins av denne røra.

Trykk eitt bjørnebær nedi kvar muffins. Har du ikkje bjørnebær kan du bruke anna bær, eplebitar som du vender i litt kanel og sukker, rabarbrabitar med eit kardemommedryss viss du lagar dei på forsommaren, eller hakka sjokolade og valnøtter viss du treng ei kaloribombe. Steik muffinsane på 200 grader i 20 minutt.

Brukar du eit muffinsbrett så må du ikkje tru på det tøyset om ein ikkje treng å smørje brettet. Eg har prøvd all verdens fancy muffinskonstruksjonar og silikonbelagte bakereiskapar, og smørjer du ikkje sit kakene fast, så enkelt er det. Men smørjer du dei silikonbelagte er du garantert suksess, så lenge du har tolmod til å vente til kakene har kolna sånn nokolunde før du tek dei ut. Har du det travelt ramlar dei i bitar uansett.

plommekakeEg brukte den same røra til ei plommekake, den fyller ei stor, rund form. Del plommene i 4 (dei mørkaste har slept steinen), og legg dei ned i røra i eit fint mønster. Steik kaka på 180 grader i ca. 40-45 minutt. Sjekk med kakenål om kaka er gjennomsteikt, temperaturen og steiketida varierer frå omn til omn.

Her ser du kaka i det den var komen i omnen, no ligg den ferdigsteikte kaka i frysaren, og vert spart til gårdsfesten vår på laurdag! Då skal den på bordet med melisdryss og vaniljekrem attåt.

Varier kakerøra med det du måtte ha av frukt og bær, eller andre smakstilsetjingar. Serverer du den naturell er den svært nær det svenskane kallar sockerkaka, og som all anna bakst bør både muffins og kaker etast når dei er ferske. Ein blåbærvariant eg har sett er å blande blåbærposesuppepulver (sånn dei brukar i Vasaloppet…) i halve røra, og så lage ei marmorkake med blåbærsmak. Det er verdt eit forsøk, viss du har blåbærposesuppepulver i skapet! Men det er kanskje berre eg som har det?

1 Comment

  1. RandiF says

    Åhhh..disse oppskriftene dine altså!! Blir sulten hver gang jeg er inne og leser her.. :-DD. Tusen takk, disse skal helt sikkert prøves, selv om jeg må kjøpe bjørnebærene. 🙂

Leave a Reply