Humor
Comments 2

Bortkasta arbeid

Her held vi på i årevis, og prøver å lære mennene i våre liv at sokkar i sandalane er ein dårleg idé. Er det så kaldt at du må ha sokkar, så må du droppe sandalane. Er du bleik så blir du ikkje mindre bleik av å ha tærne inni sokkane. Har du så stygge tær at du er flau over dei, så få deg ein pedikyr. Det er ikkje meir komplisert enn som så.

sokkarMen så er det ei kreativ sjel som kjem opp med denne  geniale idéen, der du kan kombinere fenomena. Sokk og sandal i ein og same konstruksjon. Alle argument fell til jorda, bortsett frå dette: Du må ha pedikyr med desse og. Så det så.

This entry was posted in: Humor

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

Leave a Reply to Hege Cancel reply