Ferie, Reise
Comments 3

Fastelaven (og morsdag) kjem i 2013 og!

Ja, eg veit at det ikkje er i kvart øyeblikk, men ikkje desto mindre: Folk lurer. Eg får mange treff på når fastelaven er, så difor tenkte eg å fortelje det: Fastelaven i 2013 er søndag 10. februar. Og den søndagen er det morsdag og, så det er ei dobbeltfeiring, altså.

IMG_9009Det er ein spesiell dag for meg og. Ikkje berre fordi eg er mor til verdas beste tenåringar, men for då reiser min kjære og eg på veg til Roma for å tilbringe ei veke der. Det gler eg meg veldig til!

Vi var i Roma ei veke i 2011 og, då tok eg dette bildet. Det er overblikket frå høgda på Trastevere, Janiculum-høgda. Så det blir nok ikkje fastelavensbollar på oss, men sikkert noko spennande bakverk frå vårt lokale bakeri på austkanten i Roma.

Eg ynskjer alle lesarane mine ein fin dag!

This entry was posted in: Ferie, Reise

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Solveig says

    Det er kjekt å ha noko å gle seg til! Vi skal dit i juni. Om berre vel ein månad skal eg til London.
    Elles må eg tilstå at eg er veldig nysgjerrig på temaet for den nye kokeboka … ?

  2. Kos dere i Roma – der har jeg aldri vært, men … kanskje en gang senere 🙂

  3. Takk, Google sender meg rett hit når jeg søker, så det er fint å få svaret fra deg! 😀

    God tur når dere skal til Roma!! Jeg har bare vært der en dag (skam!), men det er jo en fantastisk by.

Leave a Reply to Solveig Cancel reply