Allergi, Billig mat, Kaker, Noko søtt, Sjokoladekake
Leave a Comment

Glutenfri sjokoladekake

I dag har eg laga ei sjokoladekake med Rice Krispies. Den er både glutenfri og mjølkefri viss du brukar mjølkefri sjokolade, og droppar kremtopping. Til dei som toler mjølkeprotein men ikkje laktose kan du bruke laktosefri fløte.

Oppskrifta liknar på dei klassiske risbollane som ein får servert til jul, men den er ein million gangar betre med Rice krispies, og ikkje minst litt salt i sjokoladeblandinga. Mmmm!

IMG_6740Sjokoladekake med Rice Krispies

250 g delfiafeitt

200 g mørk sjokolade

¼ ts salt

1 egg

2 dl melis

1 l rice Krispies

Til pynt:

3 dl kremfløte

2 ts ekte vaniljesukker

2 bananar

100 g hakka nøtter, t.d. peanøtter

Smelt delfiafeittet på låg varme. Finhakk sjokoladen, og rør den i feittet. Sett til side så det får kolne litt.

Pisk eggedosis av egg, melis og salt. Vend sjokoladeblandinga inn i eggedosisen medan du rører godt. Vend inn rice krispies.

IMG_6734Legg eit bakepapir på ei steikeplate eller eit brett, og form sjokoladekaka slik du vil. Sett kaka kaldt til den stivnar. La den kome til romtemperatur før servering, elles vert den veldig hard å skjere i.

Pisk kremen stiv med vaniljesukker. Bre kremen oppå kaka, og legg på skiver av banan. Dryss på dei nøttene du vil ha på. Server med ein sterk kopp kaffe eller te.

 Eg lagde nokre porsjonsformer utan krem, til dei som ikkje toler mjølk. Du kan også bruke laktosefri kremfløte, viss vedkommande toler mjølkeprotein.

I tillegg skar eg nokre snippar som eg pynta med krem og bringebær. Her er det berre fantasien som set grensene.

IMG_6735

Leave a Reply