Duft
Comments 10

Svipptur til Hermès del I

Eg hadde litt tid for meg sjølv her om dagen, og stakk innom Hermès sin nye butikk i Oslo. Den ligg i Steen og Strøm, og på ein måte likevel ikkje. Lokala har hatt ein forseggjort blomsterbutikk og ein butikk for klede til veldig tynne damer, men no kan du altså kjøpe grisedyre skjerf og nøkkelringar, samt parfymer i verdsklasse.

Innkastar har dei også fått seg, det står ein breiskuldra og breibeint mann i døra som skal passe på at folk med tynn lommebok ikkje skal få kome inn. Han kan snakke, for han sa ”farvel og velkommen tilbake” då eg gjekk. Skikkeleg formelt, altså.

Men parfymene då, er dei verd ein tur til Nedre Slottsgate? Utfordringa er kanskje aller mest å prøve så mange parfymer på ein gong. Å ha mange parfymar på seg skapar berre forvirring, så eg spraya på pinnar, så får eg velge nokre som skal få kome på kroppen, og bli vurdert nøyare.

Dei første duftene eg prøvde var dei tre unisex-duftene Un Jardin en mediterranée, Un jardin sur le Nil og Un jardin après la mousson. Duftene er skapt av Jean-Claude Ellena, sjefsparfymøren hos Hermès, og kom i 2003, 2005 og 2008.

Un Jardin en mediterranée er ein ”floral-aquatic”, altså ein note som skal likne på vatn, i tillegg til dei florale. Dufta skal som namnet seier representere ein middelhavshage.

Eg opplever denne som ei typisk ”hage-duft”, den inneheld notar som eg er sikker på eg kan finne i ein vakker, stor hage. Bergamott, aromastoffet i Earl Grey-te, er til stades, og parfymar som inneheld denne noten tiltalar meg ofte. Likevel er den ganske insisterande, og tydeleg til stades. Den har ”sillage” som det heiter på fransk og engelsk, er det nokon i rommet som har den på seg, så merkar du det. Men den er frisk, ikkje kvalmande, og med rett dosering og på den rette personen kan den sikkert vere deilig på ein sommardag.

Un jardin sur le Nil er tydeleg i same familie, og har også grøne notar, men den har også eit meir fruktig preg. For meg luktar Egypt ganske annleis enn denne, men det kan hende at Jean-Claude har vore ein annan stad i Egypt til ei anna tid enn eg var. Un jardin sur le Nil er lettare enn middelhavshagen, og har ikkje den same slagkrafta, noko som kan vere bra. Basen av parfymen er noko meir krydra, med ein røykelsenote, men den er nok tydelegare når du får den på huda enn på papir. Denne kunne eg lett bli vennar med, kjenner eg.

Un jardin après la mousson har sitrus som viktigaste inntrykk i toppnotane, i tillegg til det grøne, som pregar alle tre duftene. Etter kvart vert den meir krydra, men det er på ingen måte overveldande. Eg kjenner kva skaparen av parfymen har tenkt på når han seier at dette er slik ein hage luktar etter at det har regna. Eg luktar melon i denne og, sjølv om det ikkje står på den offisielle notelista. Ein aromatisk parfyme, som ikkje tek for stor plass.

Alle tre er dufter for den som vågar å gå litt utanfor den fruktig-florale allfarvegen. Det er med desse som med alle andre parfymar; du må prøve dei på deg, gå med dei og kjenne kva for ein av dei som blir ein del av deg. Det er sommarparfymer, men dei kan også brukast som eit lyspunkt midt på vinteren, når ein treng å ta vare på vona om at sommaren kjem til slutt.

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

10 Comments

  1. sol says

    Eg har Un Jardin en Mediterranée, og har i perioder brukt den sammanhengande over tid, då særleg om sommaren. For meg er det fikenpreget som er det sterkaste ved denne parfymen, og eg tilhøyrer dei som elskar fiken, i alle variantar, ikkje minst i mat! Men J en M er, som di skildring får fram, mer enn fiken, og mot slutten kjennest både ulike trenotar og musk.
    Fiken i parfyme er noko er likar svært godt, og Philosykos er favoritten; der er det fiken i både topp, mellomnivå og botn, og alle delar av treet er med, og lite anna er det som let seg skilje ut. Den andre favoritten, ved sida av J en M, er Acqua di Parmas Fico, som startar med sitrusfrukter og endar med fiken i samspel med jasmin, musk og sedertre.
    Alle desse tre passar vel best om sommaren, men Philosykos synes eg er bra på mørkaste vinteren; den manar fram varm sommar, og passar god med fikeneting juletider..
    Takk for fin reportasje og skilring. No gled eg meg til å høyre kva du meiner om dei andre 🙂

  2. Har du prøvd le premiere figue frå L’Artisan? Eg har prøve på den, har gått litt med den, men syns den blir alt for grøn. Den har visstnok notane sine frå plantedelen av fikenen, i staden for frukta.

  3. Red Hobbitt says

    I går bakte jeg skillingsbollene dine. De ble kjempegode, så utrolig lette og luftige.
    Må si jeg er imponert over bloggen din, her er det mye godt å hente.
    -Hanne-

  4. sol says

    Le premier figue er Olivia Giacombettis første «tilnærming» til fiken, og Philosykos er den andre og beste tilnærminga hennar. Slik kan det iallfall forståast, og eg er einig. Philosykos er heile treet. Det er kanskje ein parfyme ein enten likar eller mislikar! Sjølv likar eg best Philosykos. (Fekk høve ein gong til å samanlikne dei begge i Paris, og min favoritt er definitivt den siste versjonen hennar, sjølv om den første også er bra!)

  5. Så morsomt at dette ble blogget om. Hilsen Eva fra Hermès 🙂

  6. Pingback: Sublime Balkiss (The Different Company) « Alt godt

  7. Jeg fikk med meg prøver på «Nil-hagen» og «Etter regnet» da jeg var der sammen med deg, og trodde jeg hadde prøvd begge to med svært negativt resultat. I dag ble jeg litt i tvil da jeg ryddet i prøvene mine, og tok en liten sprut av førstnevnte på håndleddet. Denne har jeg ikke forsøkt før. Det må har vært «Etter regnet» som var en så negativ opplevelse, for Nilen er jo faktisk ganske deilig :-D.
    Nå blir jeg nødt til å forsøke «Etter regnet» igjen også. Det har jo passert en del dufter forbi nesa mi siden i tidligvår, kan man si…

Leave a Reply