Billig mat, Veggis
Comments 2

Søndagsfrukost

Det er noko eige med søndagsfrukostar, då har eg stor glede av å lage noko godt til brødskivene, noko meir og anna enn det vi har til kvardags. Eg ser kva eg har i kjøleskapet, og finn på noko eg trur dei eg bur saman med (eller iallfall eg) vil like. 

img_6467I dag lagde eg ein saftig og fin eggesalat med kremost, purre og urter. Denne porsjonen er nok til fire brødskiver. Slik gjorde eg det:

Eggesalat

2 egg

1 stor ss rømme, avrent naturell yoghurt eller kesam

1 stor ss kremost

1/2 ts tørka dill

1 ts sennep

1 ss finhakka purre

1 ss finhakka urter, t.d. basilikum

salt og peppar

img_6462Kok egga i ti minutt. La dei kolne under rennande vatn.

Ha kremost, kesam, urter og sennep i ei skål, og bland det. Smak til med salt og peppar.

img_6466Skrell egga, og del dei først eine vegen og så andre vegen i ein eggedelar, slik at dei vert hakka.

Bland eggehakket i urtekremen. Smak ein gong til om det trengst meir salt.

Eg brukte ein søtleg sennep, viss du brukar ein skarp type kan det hende salaten vil tene på ei lita klype sukker eller ei halv teskei honning. Server på rista brød. God søndag!

This entry was posted in: Billig mat, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Inger Lise says

    Eg blir så insprert av deg Gunda….

Leave a Reply to Inger LiseCancel reply