Ein fin dag
Eg har hatt ein fin dag i byen! BipBap, som skriv http://www.velduftende.com, og eg møttest på Majorstua, og byrja dagen på Heaven Scent som avtalt. Dei sterkaste minna som sit att derfrå er Coeur d’été frå Miller Harris, og Vittoria Apuana frå Profumi del Forte. Coeur d’été er ei mjuk og delikat sommarduft, som opnar med kvit fiol, heliotrop og solbær, men som får sødme frå sjokolade, banan og lakris (!!) utan at den på nokon måte er klissete. Lyn Harris komponerte den medan ho var gravid, og følte at luktesansen hennar vart meir kjenslevar enn den hadde vore. Dette er ei duft som er nær deg, og som er lett å bere, samstundes som den har karakter og særpreg. Avslutninga er floral og tørr utan å vere pudrete. Ei elegant duft som skiftar preg undervegs utan å tape seg. Vittoria Apuana er også fruktig, har også banan, men supplert med vanilje og balansert med mykje sitrus, fleire ulike typar sitrusfrukter. Denne er også velkomponert, har ei vakker flaske og avsluttar varmt og nært kroppen. …