Fest, Noko søtt
Comments 21

Gåver til å spise opp

Eg syns det er triveleg å gje matgåver til vener og kjente til jul, det spreier glede og dessutan har jo alle alt, så korleis skal ein finne noko nytt og spennande som mottakaren treng? Mi beste venninne har eit sett med tre kakeboksar som ho leverer hos meg kvar advent, så fyller eg dei opp med gode kaker. I tillegg får ho gjerne ei skål heimelaga leverpostei, ei flaske gløggekstrakt og eit glas whiskyappelsinmarmelade.

Desse godsakene skal du få oppskriftene til, lag dei og gled vener og kjente! Ein advarsel må eg gje: Appelsinmarmeladen varer sjeldan lenger enn til om morgonen andre juledag, så god er den.

Halve moroa med spiselege julegåver er å putte dei i noko pent. Kakeboksane venninna mi sender fram og tilbake over plenen kjøpte eg til henne ein gong seint på åttitalet, og leverposteien pyntar eg med aspik og rosa peppar, og gir bort i ei pen skål. Marmeladen kan du ha i ei glaskrukke med patentlok, eller eit vanleg sylteglas med pen fasong. Eg brukar ofte dei kantete fetaostglasa, og så sprayar eg loket med gullspray, eller knyter eit pent stoff på toppen.

Appelsinmarmeladen eg plar lage er eigentleg ei jukseutgåve. Gammaldags appelsinmarmelade skal kokast til den er tjukk, og det tek både vinter og vår. Eg lagar ein friskare variant, der eg gjer marmeladen stiv med god, gammaldags pulversyltecerto, og droppar langtidskokinga. Whiskyen kan du droppe, og den kan også byttast ut med ein appelsinlikør eller mandellikør.

Eg har prøvd å doble oppskrifta to gongar, og begge gongane vart det suppe, så ikkje gjer det. Dette går så fort at det er betre å koke to porsjonar viss du vil lage mange glas. Slik gjer du det:

Whiskyappelsinmarmelade

600 g appelsinkjøt (pill ut steinane)

2,5 dl vatn

500 g sukker

safta av ein sitron

1 pose syltepulver

1,5 dl whisky eller likør

Vask appelsinane godt i varmt vatn, og skrell av det oransje skalet med ein potetskrellar. Snitt skalet fint i lange strimlar, og legg det i ei gryte med vatnet. La det koke opp saman med 300 gram av sukkeret, og la det stå og boble under lok eit kvarters tid medan du rører av og til. Skrell av det som er att av skalet, og fjern steinane. Veg opp slik at du har 600 g appelsinkjøt. Tre appelsinar brukar å vere nok, men det kjem jo an på storleiken.

Køyr appelsinkjøtet glatt i ei matmølle eller med ein stavmiksar. Ha fruktmosen og sitronsafta oppi vatnet som har kokt. La det koke opp. Bland resten av sukkeret med syltepulveret. Ta den varme marmeladen av plata, og rør inn sukkerblandinga. Rør til sukkeret er oppløyst, og det ikkje er klumpar. Ha i whiskyen. Fyll marmeladen på reine, varme glas.

Gløggekstrakten er ei oppskrift frå Røynelandfamilien, og med den får du ein nydeleg julegløgg som er akkurat passe krydra og balansert. Ofte blir jo gløgg altfor søt, men her kan du regulere det sjølv. Tørka pomeransskal får du kjøpt på apoteket.

Eg hadde fylt gløggekstrakten på brusflasker som sto i kjøleskapet forrige jul, og son min vart freista og tok ein slurk. Han trudde nok det skulle vere Cola. Eg kom inn akkurat i det han sette flaska på plass att i kjøleskapet, og spurte om han likte det. ”Den var god, den smakte akkurat som pepperkakesaft!” var svaret. Slik gjer du det:

Gløggekstrakt

1 dl raudvin

5 dl vatn

10 nellikspiker

5 kardemommefrø

1 stjerneanis

4 bitar kanel

2 bitar ingefær

1 bit sylta eller 3 ts tørka pomeransskal

1 appelsin

4 ss brunt sukker

Skrell appelsinen med ein potetskrellar, slik at du får med berre det oransje skalet. Knus krydderet i ein mortar. Ha det i gryta med vin, vatn, skalet og safta frå appelsinen samt sukkeret. La dette trekke under lok på svak varme i 30 minutt. Sil av, og la det kolne litt. Fyll den på reine, varme flasker, og bruk gjerne vinkorker til å tette med viss dei opprinnelege korkene er borte. I kjøleskapet held gløggekstrakten seg ein månads tid.

For å lage gløgg blandar du 2 dl ekstrakt med ei flaske raudvin. Varm forsiktig opp. Smak til med sukker om du syns det trengst. Server med hakka mandlar, og rosiner som har fått lege i portvin eller raudvin nokre dagar på førehand.

Leverposteien du ser på bildet finn du oppskrifta på her.

This entry was posted in: Fest, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

21 Comments

  1. Lekkert! Den appelsinmarmeladen må eg prøve! Trur du at det går å erstatte whisky med cognac?

  2. Trine says

    Spennende saker. Den appelsinmarmeladen: Skjærer du ut «filetene» på appelsinene, eller skjærer du bare opp hele appelsinen?
    Jeg bruker å gi bort hjemmelagd sild på patentglass fra IKEA. I år prøver jeg appelsinmarmeladen.

  3. Åsa: Eg har ikkje prøvd med konjakk, men med grand marnier har eg laga ein «batch». Intens og deilig appelsinsmak.

    Trine: Nei, eg skreller av det ytterste skalet med potetskrellar. Så skrellar eg det kvite av appelsinane og kastar det. Sjølve appelsinen delar eg i to langs ekvator og fjernar steinane. Så går den i matmølla.

  4. Iduns says

    Whiskymarmeladen prøver eg gjerne. Kjøpte syltesukker i haust og samla opp tomme glas. Kan eg bruka syltesukker i staden for sukker og certo? Må koka lenger då kanskje? Sikkert dumt spørsmål, men eg har ikkje brukt syltesukker før.
    Glassmaling på krukka vert sikkert fint, eller glassdecoupage? Hmmmm

  5. Det går sikkert fint med syltesukker, eg tenkte eg skulle prøve og legge ut ei oppdatering når eg har sett om det går bra.

  6. Pingback: Gåveidéar « Alt godt

  7. Charliet says

    Spennende:) Ca. hvor mange glass marmelade blir det?

  8. Litt avhengig av storleiken på glasa brukar eg å få tre-fire glas av denne oppskrifta.

  9. Pingback: Mens vi venter… « Elisabeths Eldorado

  10. Pingback: Førjulstid og førjulskos « Alt godt

  11. Pingback: Klassisk appelsinmarmelade « Alt godt

  12. Er det rett at gløggekstraktoppskrifta bare skal være basert på 1 dl rødvin, mens det står at man blander ut 2dl ekstrakt med ei flaske vin på et senere tidspunkt? Dobler man da alt for å få 2 dl ekstrakt? Begynte å pønske på denne, så jeg vil være sikker på at det blir rett…

  13. Pingback: Man må ikke vente til advent « Elisabeths Eldorado

  14. Oppskrifta stemmer. Eg lagar ofte ein stor porsjon, men denne porsjonen gir gløggekstrakt til ca. tre-fire flasker raudvin når du skal lage gløggen. Ekstraktet består altså av vin, vatn, appelsinsaft og krydder. 🙂 Når to dl av ekstraktet vert tilsett ei flaske vin vert det gløgg. Vart det forståeleg?

  15. Pingback: Spiselige julegaver, 2014 edition | Elisabeths Eldorado

  16. Hei! Prøvde ut whisky-marmeladen-oppskriften i kveld. Føler at jeg fulgte oppskriften til punkt og prikke, men det blei bare suppe 🙁 Brukte en pose Jam syltepulver. Hva kan det være jeg har gjort galt? Kan jeg redde det ved å koke det opp igjen med mer syltepulver?

    • Oj! Du kutta ikkje i sukkermengda? Kor lenge sto glasa kaldt før du sjekka? Det hender at det ikkje stivnar før det har gått eit døgn på kjøl. Viss den framleis er rennande etter eit døgn: Prøv å tilsette ein pose grønn fruktpektin i staden, det går fint å koke den opp på nytt.

      • Aha, her har jeg nok vært litt tidlig ute med panikken min altså 😉 den har bare stått i et par timer! Haha, da venter jeg til i morgen kveld før jeg evt kjører redningsoperasjon 🙂 Tusen takk for superraskt svar, jeg sier fra hvordan det gikk. PS jeg elsker sylteboka di <3

      • Så koseleg! Ta gjerne kontakt igjen viss den ikkje er stiv etter eit døgn. Litt ekstra sitronsyre kan også gjere den stivare, syra reagerer med sukkeret og pektinet i skalet, og gjer syltetøyet stivare.

Leave a Reply to BøfjerdingCancel reply