Duft
Comment 1

Meir deling

Som eg skreiv i går, har samlarar også heldigvis lett for å dele goda.

Eg er med på eit internasjonalt parfymeforum, og der har vi dei siste vekene hatt «The Scent Trail» gåande.

Det byrjar ganske enkelt med at vi vart delt inn i grupper, og kvar av desse gruppene har ein «starter». Startaren leiter gjennom sine småprøver og dufter, og lagar eller finn fram fem prøver på minimum 1,5 ml av ulike parfymer, og sender dei til nr. 2 på lista. Så tek nr. 2 det han eller ho vil ha, legg i nye prøver og sender vidare fem prøver til nr. 3.

Sidan vi bur over heile verda tek dette litt tid, eg fekk min pakke frå Australia i går, og skal sende vidare til USA i morgon. Pakken frå Australia inneheldt fem skattar, fire av dei er dufter eg aldri har prøvd før, og som ikkje er råd å få tak i her i landet.

Eg fekk desse duftene:

Donna Karan: Gold
Keiko Mecheri: White Petals
Nasomatto: Silver musk
Bornard: Lelande Bleu
Fresh Scents: My Lulu by Terri

Eg har allereie hatt på meg Nasomatto, My lulu og White Petals, alle tre er deilige. My Lulu er ei potent muskduft med gardenia og Koelreuteria elegans, eit tre i same familie som blåregn og gullregn. Dufta blir runda av med vanilje. Så vidt eg har klart å funne ut er produksjonen av desse duftene opphørt, så her sit eg på ein skatt.

Nasomatto er ei kjøleg muskduft, ikkje på langt nær så søt som My Lulu. White Petals er lett, floral, minner meg om Magnolia nobile.

Som eg har sagt tidlegare: Er eg ikkje heldig? 🙂

This entry was posted in: Duft

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Jorid says

    Så kjekt med «ukjende» prøvar frå den store verda! 🙂
    Eg er også med på The Scent Trail, men i ei anna gruppe enn deg.

Leave a Reply