Kunst, Lykke, Musikk
Comment 1

Eg kan nesten ikkje tru det

Emma Kirkby syng i Oslo på tirsdag!

Barokkanerne har konsert på Caféteatret, og har med Dame Kirkby som solist. Dette er eit sjeldant høve, så vidt eg veit var ho i Noreg sist i 2005 under kyrkjemusikkfestivalen. Skund deg, billettane vert sikkert fort utselde. http://www.billettluka.no/cafeteatret

Turnéen denne gongen ser slik ut:

• Søndag 1/5 kl. 1900: Arena scene i Moss
• Mandag 2/5 
kl. 1930: Hedmarksmuseets aula,
Musikkens venner Hamar og omegn
• Tirsdag 3/5 
kl. 1930: Cafebarokk, Cafeteatret i Oslo
• Onsdag 4/5
 kl. 2000: Resonans, Gjøvik

Emma Kirkby har ein vakker, slank renessanse-/barokksopran, størst inntrykk på meg gjorde ho i ei innspeling av Pergolesis Stabat Mater som eg har skrive om tidlegare her i bloggen. Ho burde vere mykje meir kjent enn ho er, så uttrykksfullt, vakkert og presist som ho syng. Her får du høyre ei innspeling av An evening hymn av Henry Purcell.

Now that the sun hath made his flight

and bids the world goodnight

to the soft bed my body I dispose,

but where shall my soul repose ?

Dear God, even in thy arms,

and can there be any more sweet security ?

Then to thy rest O my soul,

and singing, praise the mercy that prolongs thy days.

Alleluia.

This entry was posted in: Kunst, Lykke, Musikk

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Ingrid says

    Kanskje vi sees – gleder meg til konserten 🙂

Leave a Reply