Livet
Comments 3

Eit skred

Dei siste to vekene har eg opplevd noko eg berre kan beskrive som eit besøksskred i bloggen. Denne bloggen har aldri vore nokon stor besøksmagnet, men eg har mange faste lesarar, og det er eg veldig glad for.

Nokre få gongar har eg blitt lenka til av VG, og då har besøkstala gått i taket. Men eg har tydelegvis ikkje skjønt VG-koden, for no har det ikkje skjedd på veldig lenge. I det siste har dei besøkande ramla inn her i store mengder, hovudsakleg fordi dei får treff på søk etter stoff om fastelaven.

Eg kan ikkje underslå at eg syns det er interessant. I det sekulære samfunnet vi lever i, der fråtsing og «må-ha»-kultur er daglegdags, interesserer altså folk seg for tradisjonane rundt faste. Kvifor det er slik veit eg ikkje, men eg vonar det er av andre grunnar enn at dei gjerne vil lage krembollar.

Personleg er eg ikkje særleg religiøs av meg, men eg syns det er spennande å ta vare på kulturarven vår, også dei kristne elementa i den. Å vite kva fastelaven er, kva vi feirar når det er pinse og kva allehelgensdag eigentleg handlar om er ledd i vår almenndanning, og den må vi kunne jobbe vidare med utan å nødvendigvis bekjenne oss til truselementa som ligg bak.

Eg har tidlegare skrytt av Mytekalenderen på P2. Terje Nordby presenterer religiøse og filosofiske myter og forteljingar i eit moderne formspråk og med ei open og analytisk tilnærming. Eg syns det er strålande at han og P2 driv med den typen kunnskapsformidling. Akkurat som vi lærer om Eid, Hanukkah og kinesisk nyttår må vi kjenne våre eigne religiøse røtter utan at vi dermed nødvendigvis treng å la dei styre livet vårt og vala våre viss vi ikkje ynskjer det.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. Lise says

    Enig, Altgodt! Man burde kunne bakgrunnen til forskjellige høytider uten nødvendigvis å være religiøs.

  2. Som det religiøse alibiet (!) skriver jeg gjerne under på det du sier uansett 🙂 Dessuten syns jeg det er fullt fortjent at du får stadig flere lesere av bloggen din, for den er lesverdig og som regel lett omsettbar til praksis. I alle fall når det gjelder matretter – det med han der mannen er det litt verre med 😆

    Men altså: For meg er bloggen din ofte et oppslagsverk når jeg trenger inspirasjon eller skal kokkelere. I tillegg er det en drøss av andre poster som er interessante, og jeg henviser ofte ANDRE folk som gjerne ikke er «vante blogglesere» til et eller annet jeg vet jeg/de finner i bloggen din, f.eks. om boligbytte.

    Så heder og ære og glede for at andre også oppdager det vi faste lesere har visst lenge: Hos deg er det godt å være!

  3. Fint med besøk på bloggen da 🙂 En god miks av faste lesere og tilfeldig besøkende høres jo aldeles storartet ut, kan ikke bli bedre enn det 🙂
    PS: Mytekalenderen ruler. Mange år siden jeg hørte på, men forstår at han går i reprise. Man blir glad i stemmen hans.

Leave a Reply