Allergi, Billig mat, Mat, Tilbehør, Veggis
Comments 2

Focaccia med tomat og rosmarin

Vi skal på fest laurdag kveld, det var eg overtydd om. Eg sette ein focacciadeig, og ringte til vertinna for fortalte at eg ville ta den med. Skal eg ta med noko meir? spurte eg.

Ups, det viste seg at festen er neste helg! Dermed hadde vi ein stor, deilig focaccia å kose oss med laurdag kveld. Saman med ein lasagne var det heilt perfekt, sjølv om fest hadde vore gøyare.

Ein focaccia skal alltid ha noko på toppen. Denne gongen hadde eg restar av ein dressing med soltørka tomatar ståande. Eg sika av tomatane, og fordelte dei over leiven saman med det klassiske focaccia-krydderet, rosmarin. Tomatane var så salte i seg sjølv at eg lot vere å drysse på flaksalt slik eg brukar å gjere. Derimot ringla eg over olje av det gode, jomfruelege slaget.

Dette brødet er perfekt til supper, til pasta eller til å momse åleine attåt eit godt glas vin. Slik gjorde eg det:

Focaccia med soltørka tomatar og rosmarin

3 dl lunka vatn

½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær

1 ts salt

1 ts maltekstrakt

ca 7 dl kveitemjøl

2 ts tørka eller frisk rosmarin

3 ss soltørka tomat i olje, finhakka

3 ss olivenolje

Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i salt og maltekstrakt. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand.

Tilset mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus.  Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen i ca. 5 minutt.

La deigen heve i ein halvtime. Set omnen på 225 grader. Ha godt med mjøl på kjøkkenbenken, og kna deigen til ein stor bolle. Strø godt med mjøl på benken og kjevl leiven slik at den er like stor som bakeplata i komfyren. Pass på å ha godt med mjøl under når du kjevlar slik at deigen ikkje set seg fast i benken.

Legg leiven over på ei mjølstrødd bakeplate. Du treng ikkje bakepapir eller smør på plata når du har strødd den med mjøl. Eg syns også at mjølstrødd bakeplate gjev den gode, steinovnaktige smaken.

Dytt godt vaska fingertuppar ned i deigen slik at det vert masse groper i den. Knus rosmarin i ein mortar og dryss over. Ringle over olivenolje, og dryss på finhakka soltørka tomatar til slutt. Bak brødet på 225 grader i ca. 15-20 minutt. Dette brødet er mjølkefritt og fritt for egg.

Eg var ikkje flink nok til å elte all lufta ut av deigen før eg kjevla den. Det gjorde at kantane vart litt for høge, all lufta i deigen vart kjevla ut dit. Det fungerer på pizza, men er ikkje så godt på focaccia. Det gjorde at oljen samla seg i dumpa på midten. Det løyste eg ved å ta ut steikeplata halvvegs i steikeprosessen, og bevegde den litt rundt slik at oljen fordelte seg litt betre. Så pass på eltinga før du kjevlar ut, den er viktig.

2 Comments

  1. Dette så veldig godt ut!
    Jeg har tenkt så leeeenge at jeg skal prøve å lage foccacia, men har aldri kommet helt i gang før denne tikket inn i hotmailen i dag.
    Tror kanskje jeg skal prøve til helga:)

  2. Lovise says

    Når du sier sukker eller honning, mener du da maltekstrakt som står i ingredienslisten..?

Leave a Reply