Mat
Comments 3

Ei streng dame


Wenn jemand eine Reise Macht, dann kann er ´was erzählen. Når ein reiser lærer ein ting som ein kan bringe vidare, sa ein klok tyskar ein gong.  I møte med dansk matkultur har eg lært korleis ein kan vere nær kvarandre og likevel svært ulike på same tid. I danske butikkar finn du større utval av og betre kvalitet på ein del matvarer. Perlehøns og andebryst er daglegvarer, og utvalet av eksklusive  råvarer er mykje større enn vi er vande til. 

Samstundes har prispress og konkurranse ført til at kvaliteten på ein del matvarer er høgst variabel. Dansk salami er full av feitt, og det same er leverposteien, som til overmål nesten ikkje inneheld lever. Eg møtte Camilla Plum, som kallar seg kogekone og ingenting anna. Ho leiar organisasjonen “Opprør fra maven”, der ho får rase ut mot all dårleg mat ein finn rundt om, særleg i billigbutikkane. Jammen var ho streng, eg er ikkje lettskremd, men ho piska meg rundt med fast hand og viste meg alt ho har på garden og i bardsbutikken. Ho seier:

–       Den som har vore i ein pølsefabrikk er avvent med pølser for lang tid framover. Det er ikkje eit vakkert syn, alt det som blir malt opp for å bli moderne industripølser. Når maten blir så full av tilsetjingsstoff og  inneheld mindre av dei gode, gamle kjente ingrediensane, blir den ikkje så nyttig for oss som den burde vere. Nødvendige sporstoff og vitaminar blir borte på vegen gjennom den industrialiserte produksjonen.

camilla-portrait1

 Camilla Plum er kokebokforfattar, matkunstnar og kursvert for alle som vil lære å bake godt brød, brygge godt øl eller bruke urter og krydder på nye, spennande måtar. I fjor gjekk hageserien hennar på NRK, og ho går i gang med ein ny serie snart, har eg blitt fortalt.

Ho driv Fuglebjerggaarden langt ute på landsbygda nord for København saman med mannen sin, Per. Han står for ølbrygging og frukttrepoding, og saman har dei laga ein triveleg gard der dyr og menneske trivest. I gardsbutikken sel dei det dei lagar av råvarer frå eigen gard, saman med andre ting som dei får tak i som passar deira filosofi. Dei har også ganske mykje frø til sals, masse forskjellige typar tomatar og chili.

Camilla uroar seg for at maten sin plass i familielivet blir mindre og mindre, i ei tid då ein familie gjer færre og færre ting saman. Før visste ungane kva foreldra arbeidde med, og ofte var dei med på å utføre dette arbeidet. No veit knapt barna kva foreldra driv med, og det å lage mat saman meiner Camilla er ein fin måte å samarbeide på, og å vite kvav maten består av.

–       Folk hoppar bukk over det basale, og går rett på avanserte oppskrifter utan å kunne dei grunnleggande teknikkane. Derfor blir eg ofte skulda for å vere for elementær i mine oppskrifter, når eg skriv at ein må skilje rensing av grønsaker og oppkutting av kjøtt, elles vil dei forurense kvarandre. Det har mange ikkje lært. Å lage ein kvit eller brun saus er heller ikkje ein del av barnelærdommen, mange går rett på avanserte kokebøker, og då er det ikkje rart ein misser motet. Eg er vanlegvis ikkje ein som kjempar for at folk skal vere autoritetstru, men når det gjeld kokebøker er det ofte ein god grunn til at oppskriftene er som dei er. Du kan forutsette at den som har laga kokeboka kan dette betre enn du sjølv.

bagegrej-1

Men her er ingen moralisme. Camilla røyker som ein stimbåt, og sel vin i butikken sin som alle andre danske kolonialbutikkar. Tomatar på boks fungerer året rundt, og ho serverer gjerne importert mat når den er den beste. Ho ser ikkje poenget med det enkelte hevdar; at all mat skal vere heimedyrka.

–       Når cicilianske sitronar er dei beste, brukar eg sjølvsagt dei. Og eg et ikkje rødbeter og selleri heile vinteren medan eg ventar på min eigen salat. Men vi må passe på når vår eigen mat er best, og nyte den då. Det viktigaste er å vise barna (og seg sjølv!) for ein god, sanseleg opplevelse det er å lage det ein skal ete frå botnen av. 

This entry was posted in: Mat

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

  1. En ellern annen gang, når jeg blir en voksen kvinne, skal jeg ha en grønnsakshage. Og helt klart en urtehage. Bortsett fra det, vil jeg ikke ha noen skikkelig hage, mer stein og japansk hage, men det å dyrke nyttige ting, gir dobbel glede. Man kan både dyrke noe, se det vokse, og siden kan man nyte smaken.

    Likar

  2. Britt Åse says

    En klog kone, såvel som kogekone, hun der! Jeg er SÅ enig i filosofien hennes 🙂

    Likar

  3. Ragne: Den treng ikkje vere så stor, min er 20 kvm, og eg kosar meg med den.

    Britt Åse: Ja, ikkje sant!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s