For meg er det å kaste mat noko eg helst vil unngå. Dei eg bur saman med klagar når dei blir servert tre forskjellige middagar fordi “noko må etast opp”, men det gir eg meg katten i. Men når dei får servert dagens rett får eg ingen klager. Hovudingrediensen er kokt ris, og til ein slik stor porsjon brukar eg å koke ny ris. Du kan bruke ris som vart kokt dagen før, men då blir det ofte ikkje nok til ein heil familie.
Dagens rett er altså steikt ris. Nasi goreng kallar nokre det, og det er vel det næraste vi kjem indonesisk lapskaus. Det er ein fin måte å bruke restar på, og det er ein billig middag, for det går med relativt lite kjøt. Steikt ris kan sjølvsagt også vere vegetarisk, suppler med meir grønsaker.
Vi hadde restar i kjøleskapet etter eit kalkunbryst som vart servert til søndagsmiddag, og det kutta eg i små terningar. Grønsakene er viktige i steikt ris.
Her er det stort rom for variasjon. Paprika i alle fargar, sopp, squash, bønnespirar, alle typar løk, spinat, kinakål og blomkål er alle grønsaker som kan brukast i steikt ris, i tillegg til hermetiske grønsaker som vasskastanjar, bambussskot og erter.
Eg brukte løk, gulrøtter, paprika og brokkoli. Dette kan du variere etter kva du har i huset. Ser du ikkje løk på bildet, seier du? Nei, det har du heilt rett i. Ungane mine er nokre løkpyser. Dei har ikkje noko problem med smaken, men dei slit med konsistensen på løk i maten.
Då må mor vere lur, og i dette tilfellet vart ein løk delt i båtar, og køyrd til ein slags løkgraut med stavmiksaren. Så fekk den gå i gryta aller først saman med oljen. Det såg litt rart ut i byrjinga, men etter kvart blanda den moste løken seg fint inn i det heile, og smaken var der men ikkje konsistensen. Eg er ein luring, men eg er snill.
Slik gjer du det:
Steikt ris til fire svoltne
2 ss olje, soya, mais eller raps
Ein løk
To fedd kvitløk
Ein paprika
to gulrøtter
Ein stilk brokkoli
3 dl kjøt i små terningar
1 ss søt chilisaus
2 ts fivespice
1 ss soyasaus, helst søt
Kok 4 dl ris i 8 dl salta vatn. Hakk løken på ein slik måte at dei du skal servere maten til vil ete den. Skrell og hakk dei øvrige grønsakene. Sett plata på fullt, og varm oljen i ein wok. Ha i løken, og la den frese. Ha i grønsakene etter tur alt etter kva som raskast vert kokt. I denne oppskrifta bør t.d. gulrøttene gå i saman med løken, slik at dei får litt lengre fresetid enn paprika og brokkoli.
Ha i fivespice-krydder, og kjøtet. La det heile frese i eitt par-tre minutt. Ha i risen, og la den steike til den er gjennomvarm og har fått fin farge. Ha i chilisaus og soyasaus.
Server i store bollar med ekstra soyasaus ved sidan av.
Det så godt ut 🙂
Det er godt og, med litt ekstra krydder og masse grønt! 😀
Pingback: Kjapt og eksotisk I « Alt godt
Pingback: Korleis koke ris | Alt godt