Billig mat, Fest, Kaker, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn, Sjokoladekake
Comments 6

Endå fleire kaker å dele

Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den.

Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist.

Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund form eller lita langpanne. Slik gjer du det:

Petrine si sjokoladekake

4 egg

5 dl sukker

4 dl mjølk

300 g smelta eller flytande margarin/smør

400 g (ca. 7 dl) mjøl

3 ss kakao

4 ts vaniljesukker

4 ts bakepulver

Sett omnen på 200 grader. Rør saman alt det våte i ein stor bolle. Rør saman det tørre i ein annan bolle, bland det godt og sikt det over i det våte medan du rører. Legg bakepapir i botnen av den største langpanna di, og fyll i røra.

Steik kaka i 30 minutt på 200 grader. Sjekk med kakepinne eller ein tynn, ukokt spagetti om den er steikt. Pinnen skal vere fri for røre når du dreg den ut av kaka att. Er det framleis røre på pinnen, så la kaka stå litt til.

Når kaka er ferdig, skal den kolne litt i forma før du vender den. Eg brukar å legge ei rist oppå langpanna. Vend kaka rundt, og fjern bakepapiret. Finn fram det du vil ha kaka på, eg brukar ofte ei stor fjøl eller eit brett. Legg dette brettet eller fjøla forsiktig oppå kaka, og vipp det heile rundt igjen. Dette reduserer risikoen for at kaka skal falle frå kvarandre i flytteprosessen. Smør på glasur. Slik lagar du glasuren:

bursdagskake500 g melis (ein pakke, altså)

150 g smelta smør

1 ss kakao

2 ts vaniljesukker

2 ss ferdig kaffi, eg brukar ofte pulverkaffi som eg løyser opp i litt varmt vatn

Ha melisen i ein bolle. Ha i smør, kakao og vaniljesukker. Rør glasuren glatt med ein handmiksar, og spe med kaffien til slutt. Den er ganske grynete til å byrje med, men når kaffien kjem i vert den glatt og fin. Brei glasuren ut over kaka, og pynt med det du har i huset.

Vil du ikkje ha kaffismak på glasuren kan du byte den ut med eit ferskt rått egg som du piskar i.

6 Comments

  1. Hos oss har vi det slik at hver og en har spesialiert seg på en kakesort hver. Jeg er best på gjærbakst, derfor alltid gjærbakst fra meg. T er best på kromkaker, faktisk, derfor kromkaker med krem og syltetøy til enhver anledning, K er en kløpper på steiking av lapper, og lapper med rømme og syltetøy har vi alltid på programmet, M er grådig god på ostekake og O lager vanvittig bra lukket valnøtt. Og sånn kan jeg fortsette å ramse opp. Dessuten har vi den klassiske Aud-Helen-kaka. Det er lenge siden hun var korpsmor, men kaka stiller hun fortsatt opp med.
    Denne kaka her får nok bein å gå på 🙂

  2. Pingback: Kaketips for 17. maifest « Alt godt

  3. Pingback: Maikaker « Alt godt

Leave a Reply to Solveig IreneCancel reply