når rosene opnar seg slik, utan å bli slappe og slengete med hovudet? Kva eg gjer rett når det klaffar veit eg ikkje, eg set dei i varmt vatn med næringsmiddel i og vonar på det beste. Ha ei fredeleg helg, alle de fine menneska som stikk innom her hos meg!

Eg for min del trur det handlar om kvaliteten på rosene. Det kan vere verdt å merke seg kven som er bra, og sjå etter desse. I tillegg kan desse rosebukettane i daglegvarebutikkar innimellom stå utan vatn fordi ein kunde har lyfta ein bukett opp, men ikkje satt den skikkeleg nedi igjen. 🙁