Korleis får du tid? Korleis kjem du på kva du skal skrive om?
Dette er dei to vanlegaste spørsmåla eg får når eg fortel folk at eg skriv om mat. Det første er ikkje så vanskeleg å svare på. Her i huset vert dei fleste middagane vi et fotografert, og med ein gong eg har bilde kan eg berre sette meg og skrive. Då glir det av seg sjølv.
Idéane derimot, får eg etter den kjende Ferdinand Finne-modellen. Du veit han som vart kjend for boka ”Veien blir til mens du går”?
Eg var på favorittbutikken min i går, og sidan lønningsdag ikkje er før om over ei veke, og kvikksølvet søkk på lønnskontoen, så er eg open for gode tilbod. Ein av grunnane til at den er favorittbutikken min er at den set ting som går ut på dato om to dagar ned til halv pris. Eg kom altså ut derifrå med to fine gourmetkyllingar, to boksar crème fraiche med skogsopp og ein familiepakke fersk pasta, og alt måtte konsumerast raskt.
Kylingane smurde eg inn med smør, som eg blanda med paprika og urtesalt. Så fekk dei steike i ei eldfast form i omnen ein times tid eller så til dei var pent brune, og safta som kom ut når eg stakk ein tannpirkar i brystkjøtet var klar og fin. Den eine åt vi med ris og ein salat til. Eg lagde saus av crème fraichen og krafta frå kyllingane.
Så skulle eg helle krafta av kyllingane, og trur du ikkje eg brende meg på to fingrar på eina handa såpass at eg vart sett ut av kjøkkenspelet. Eg fekk kjølt ned brannskaden med vatn, og hadde på lokalbedøvande salve etter ei stund, men det var nauta låkt likevel. I frysaren hadde eg ein pakke aspargesbønner, og dei vart brukt som nedkjølingselement for mine forbrende fingrar. Frosne grønsaker i pose passar veldig bra til slike nødnedkjølingsoperasjonar.
I dag hadde det verste gitt seg, og eg fekk plukka den andre kyllingen fri for kjøt. Sauserestane vart varma opp med litt ekstra purre, og sidan aspargesbønnene var tinte av å ha utført kjøleoppgåva si fekk dei vere med i sausen saman med kyllingen. Det heile passa perfekt til den ferske pastaen. Risen som var att frå i går fekk bli rislappar til dessert. Og sånn går no dagan. Ein heilt alminneleg idéprosess som byrja med halv pris på ICA Maxi og enda bra sjølv om det var noko dramatikk midtvegs.
Denne retten kan varierast på mange måtar. Du kan bytte ut den heile kyllingen med salatkylling, som er ferdiggrilla. Du kan også bruke selskapserter i staden for aspargesbønner. Vanleg pasta går like fint som fersk pasta. Har du ikkje purre kan deu bruke ein annan type løk. Slik gjer du det:
Pasta med skogsoppkyllingsaus
1 grilla kylling
400 g fersk pasta
1 beger crème fraiche med skogsopp
Ein pose (ca. 150-200 g) frosne aspargesbønner
Litt buljong
Ein halv purre
Plukk kyllingen ifrå kvarandre, og ta av alt kjøt. Del kjøtet i tynne strimlar. Set pastavatnet på kok, brukar du fersk pasta bør du bruke ei stor gryte, og berre fylle den 1/3 full med vatn. Den har nemleg ein tendens til å koke voldsomt over.
Rens purren, del den midt på og skyll den for å få bort jord. Del den vidare i to, og hakk den. Surr purren i litt smør, og ha i aspargesbønnene. Slå på buljong og crème fraiche. La det koke til aspargesbønnene er gjennomkokte, det tek ikkje meir enn to-tre minutt.
Ha i kyllingbitane, og la dei bli varme i sausen. Ikkje rør for mykje etter at kyllingen har kome i, då går den lett i oppløysing og blir trådete og udelikat.
Ha ein neve salt i pastavatnet, og legg pastaen i gryta. La den koke til den er mør, fersk bandpasta tek ca. 3-4 minutt. La vatnet renne av, og ha pastaen i ein bolle. Slå over kyllingsausen og server.
Som alltid mye snadder i denne bloggen!
Du, jeg syltet/saltet sitroner, appelsiner og calamondiner for et par uker siden. Lovet å gi tilbakemelding. Sitronene ser strålende ut og duften er uforlignelig. Calamondin mugnet! Var kanskje for gjerrig med saltet? Appelsinene ble veldig “våte”. Masse saft ble trukket ut. Men de ser ellers ok ut. Enda må nok det hele stå noen uker til. Hvor lenge lar du dine salte sitroner stå?
Mine står framleis, prøvde ein forrige helg, og den var salt og fin, men inni skalet var den framleis som fersk. Eg vender på krukka når eg huskar på det, og ventar! 😀
Emla er fint 😉
Dette passa bra: eg kjøpte ein Stangekylling i dag, for å ha ein gong i kommande veke, men eg har ingen plan.
Dvs. nå har eg ein plan 😀 Eg må innrømme at eg aldri nokon gong har høyrt om creme fraiche med skogsopp??? Finst det altså? Eg må tydeligvis sjå litt betre etter i kjøledisken. Elles skal ein vel kunne frese litt sopp og ha i sjøl…
Når jeg steker hel kylling pleier jeg å fylle den med sitronbåter, sjalottløk og hvitløk – og eventuelt krydder (salt, pepper, karri og hva man måtte ønske). Det gir en god smak på kyllingen.
Nå som grillsesongen nærmer seg kan også dette grilltrikset nevnes: Man åpner en boks øl som man trer kyllingen på. Så setter man den på grillen med lokk over. Da vil den bli øl-dampet fra innsiden og grillet fra utsiden. Øl-boks kan være en utfordring. Det kan være vanskelig å få den til å stå støtt på grillen, og det kan være en utfording å få kyllingen løs fra en veldig varm ølboks. Weber har en dings som er litt mindre macho enn en ølboks, men enklere å ha med å gjøre. Den har et rom som man fyller med væske (og da foretrekker jeg hvitvin fremfor øl), og så setter man kyllingen på. Den har også en skål som samler opp væske, som gir god basis for saus. Jeg pleier også å dytte ned litt sjalottløk og hvitløk gjennom det som en gang var hals etter å ha satt kyllingen på plass.